Øver denne veka : Bømlo brann og redning Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Brannvesenet øver på utrykkingskøyring

Bømlo brann og redning øver denne veka på utrykkingskøyring.

Det opplyser brannvesenet på Facebook. Utrykkingskøyringa vil skje kvar ettermiddag frå måndag til torsdag denne veka, og det vil skje mellom Ersland og Lykling, blir det opplyst. Bilistar som ferdast på denne strekninga bør difor vera merksame på at dei kan møte på brannbil under utrykking på denne vegstrekninga på ettermiddag/tidleg kveld denne veka.