Politiet: Politiet Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Dekka til skilt på bilen

Ein bilførar på Bømlo kan vente seg ein reaksjon frå politiet etter å ha køyrt ein bil med tildekka skilt.

Det melder Sør-Vest politidistrikt tysdag kveld. Klokka 2040 stogga ein politipatrulje bilen på Spissøyvegen. Mannen i midten av 60-åra vedgjekk at han hadde dekka til skilta foran og bak på bilen. Han blir meld for tilhøvet, opplyser politiet på Twitter.