Jørgen Lollike i Plant et tre, Alfons Tshiwan frå Kongo som arbeider med tilhøve i flyktningleirar, Ken Onywoki frå Kenya som er pastor og lærar i haugiansk entreprenørskap, og David Muturi frå Kenya som er leiar for treplanting og elles andre prosjekt hjelpearbeidet har kasta av seg.
Jørgen Lollike i Plant et tre, Alfons Tshiwan frå Kongo som arbeider med tilhøve i flyktningleirar, Ken Onywoki frå Kenya som er pastor og lærar i haugiansk entreprenørskap, og David Muturi frå Kenya som er leiar for treplanting og elles andre prosjekt hjelpearbeidet har kasta av seg.

Det nærmar seg 400.000 planta tre

Har du handla i miljøbutikken på Moster? Då er du mest sannsynleg skuld i at det vaiar eit tre i vinden ein stad i Afrika.

Konseptet til Miljøbutikken Plant et tre er like enkelt som det er genialt. Materiell overflod i Noreg vert omsett og skapar kapital som vert investert i skogplanting i fattige delar av verda. Slik gjer miljøbutikken på Moster ein betydeleg innsats for klimaet globalt. Torsdag fekk dugnadsgjengen, lokale politikarar og gjester presentert ein rapport som viser omfanget av klimaarbeidet hjelpeorganisasjonen Noracta og Plant et tre har fått til.

For å seia takk

– Eg er her for å seia takk, sa David Muturi med spesiell adresse denne dagen til dei som arbeider ved miljøbutikken. Talet på tre som er dyrka fram frå frø og planta ut i sårbare område, er 380.000.

Denne skogplantinga er hovuddelen av eit konsept som er henta frå Hans Nielsen Hauge sin ideologi. Tru og business går hand i hand for å få til verdiskaping og gode lokalsamfunn. I områda der Muturu fortalde frå i Kenya, skapar skogplantinga arbeidsplassar for både kvinner og menn. Skogen skapar skugge ein kan dyrka grønsaker i, og tre bidreg til at regnvatn ikkje renn vekk i like stor grad og aukar grunnvatnet. Reinare luft, reinare vatn og betre kvalitet på jorda er tre ting ein får av tre. Totalt sett kan ein ramsa opp uendelege fordelar ved å ha ein god skog i nærmiljøet sitt.

Klimaendringar er farleg

– Andre stader i verda er klimaforandring ein diskusjon. Hos oss i Kenya betyr det død, sa han og viste til ein bonde som mista 32 kyr i tørke i fjor.

Nyleg skapte eit enormt regnvêr flaum i Nakuru og 45 menneske mista livet. Dette hende berre 30 kilometer frå der Noracta har eit planteområde.

Ved hjelp av inntekt frå miljøbutikken reiser skogane seg i Kenya. Det mest vanlege treet dei plantar heiter gravilia og dei største er no fem meter høge. I tillegg vert det planta frukttre. 20 tre per familie. Øistein Garcia de Presno og David Muturi har arbeidd saman i åtte år og haustar resultat for innsatsen. Dei takkar alle som brukar miljøbutikken.
Ved hjelp av inntekt frå miljøbutikken reiser skogane seg i Kenya. Det mest vanlege treet dei plantar heiter gravilia og dei største er no fem meter høge. I tillegg vert det planta frukttre. 20 tre per familie. Øistein Garcia de Presno og David Muturi har arbeidd saman i åtte år og haustar resultat for innsatsen. Dei takkar alle som brukar miljøbutikken.
Trygve Einar Gjerde, Marit Nielsen, Gerda Bondø og Irene Steinsland er trufaste medarbeidarar i eit frivillig tiltak dei synest er meiningsfylt. Dei vil gjerne ha fleire med seg på laget.
Trygve Einar Gjerde, Marit Nielsen, Gerda Bondø og Irene Steinsland er trufaste medarbeidarar i eit frivillig tiltak dei synest er meiningsfylt. Dei vil gjerne ha fleire med seg på laget.

Omfanget av arbeidet til Plant et tre og Noracta har auka jamt og trutt, og talet på menneske som får gå på planteskule og får opplæring i haugiansk entreprenørskap, er i stor vekst. No har over 450 pastorar fått opplæring i korleis dei skal halda kurs, og det vert danna grupper for fattige på landsbygda der desse har kurs laurdagar i korleis dei kan skapa utvikling.

Kvinner utgjer 30 prosent av deltakarane her, og det synest Garcia de Presno er bra i eit mannsdominert samfunn.

Haugianarar

Årsaka til at Hans Nielsen Hauge sitt konsept breier om seg i Afrika for tida, trur Garcia de Presno er fordi haugerørsla treff noko folk i Afrika kan identifisera seg med.

– Dei er bondesøner og døtrer, og dei er truande på den måten Hans Nielsen Hauge var det, seier han. I åtte år har Garcia de Presno og Muturi arbeidd saman for utvikling i Kenya, og lista over prosjekt omfattar barneheim for sårbare, skule for 200 barn, bygging av fleire kilometer vassleidningar, haugeseminar, framtidsseminar, planteskule, samarbeid med idrettsorganisasjonar og styresmakter, og no i det siste: Planting i slummen.

– Ein kunne tru det ikkje var mogeleg å gjera noko i slummen, at alt areal var oppteke og at det ikkje ville gå, men det viser seg at det går an å få ting til der det er håplaust òg, seier Øistein Garcia de Presno og viser til prosjekt som ber frukter i Mathareslummen i Nairobi. Også flyktningleirar er område der det trengst hjelp, og dette ser Noracta på no.

Skal vidare

Dei som brenn for hjelpearbeid, slik Jørgen Lollike i Plant et tre gjer, ser alltid etter nye tiltak som kan vera med på å gjera verda meir rettvis. Lollike har to miljøbutikkar; på Moster og i Øystese. Det han tenkjer på no, er korleis få til å hjelpa fangar slik at dei kan få eit verdig liv når dei slepp ut.

– Du kan ta ifrå nokon alt dei eig og har, men kunnskap dei har fått – det kan du aldri ta ifrå eit menneske, seier han.

Moster Plant et tre

Ved Moster Plant et tre tek personalet imot takk og ros. Dei er alle saman pensjonistar, og får her ei interessant og meiningsfylt fritid der dei møter folk og får vera med på viktig hjelpearbeid.

– Eg hadde aldri drøymt om at det skulle bli så gode resultat, seier Trygve Einar Gjerde. Årleg omset miljøbutikken for kring 450.000 kroner, og i tillegg har dei ein konteinar ståande heile året som dei fyller opp med ting som ikkje vert selde i butikken. Når denne er full, er det verdiar for 0,5 millionar om bord. Desse vert frakta kostnadsfritt til butikkar i Tallinn og Riga for sal. I Riga er det til dømes 20 gjenbruksbutikkar som får varer, og i tillegg vert det delt ut ting til fattige.