Lyser opp i mørkeret: LED-lyset gir godt lys når det er blitt mørkt. Foto: Jenny Aanderaa

Det vart lys i Stongarvågløypa

Dei to solcelledrivne lyktestolpane er no sette opp i Stongarvågløypa. Røynslene så langt er positive.

I midten av september fortalde Bømlo-nytt om prosjektet i regi av Rubbestadneset grendautval (RGU). Det vil i løpet av hausten og vinteren bli testa ut to solcelledrivne lys i den populære turløypa Stongarvågløypa. Dersom testen er vellukka, vil det etter kvart bli kjøpt inn fleire lys som blir plasserte mellom Brubakken og den mykje brukte gapahuken.

Testar ulik lysstyrke

Kjetil Vea er leiar av ei arbeidsgruppa som står ansvarleg for prosjektet i RGU-regi. Han fortel at dei to lyktestolpane no er frakta ut og monterte opp mellom Brubakken og gapahuken. Arbeidet vart gjennomført på dugnad.

— Lysa har vore i drift i knappe to veker, og erfaringane så langt er gode. Dei blir kontrollerte av oss via app på telefon, forklarer Vea. I augneblinken lyser lyktene med 10 prosent styrke når det er mørkt. Det er likevel ei fotocelle som registrerer passeringar, så når det går nokon forbi aukar lysstyrken til 40 prosent. Unnataket er likevel i tidsrommet 2200—0600, då lyktene er skrudde av.

— Me vil teste med ulik styrke og kor lenge lampene skal lyse om gangen gjennom vinteren, seier Vea.

Lys i skumringa: Slik ser det ut når det har byrja skumre. Foto: Magnar Skålevik

Fungerer bra så langt

Så langt er altså røynslene gode. Vea fortel at dei kan følgje med på spenning og lading. Førebels ser det ut til at lyktene ladar tilstrekkeleg i høve dagleg bruk.

Og dersom testen syner seg å vera vellukka?

— Me vil gjennomføre evaluering mot slutten av vinteren. Er denne positiv, vil me bruke erfaringane og arbeide vidare for å innhente naudsynte midlar til lyssetting av strekninga Brubakken-Gapahuken, seier Vea.

Les også
Skal teste ut solcelle-lys i Stongarvågløypa

I september vart det fortald at det med om lag 30 meter avstand mellom lyspunkta kan bli snakk om 25—30 lysmaster på den knappe kilometeren. Denne delen av prosjektet er altså ikkje fullfinansiert så langt. Vea fortalde at kostnaden truleg blir ein stad mellom 500.000 kroner og 750.000 kroner for å få lyssett denne strekninga.

Når dette prosjektet er gjennomført kan grendautvalet på lengre sikt også vurdere om det er aktuelt å setja opp fleire lys, slik at heile Stongarvågløypa til slutt blir lysløype.

Her står den eine lyktestolpen: Lyktestolpane vart frakta ut i terrenget og sett opp på dugnad. Så langt er røynslene gode. Foto: Kjetil Vea
Stongarvågløypa som lysløype

* Prosjekt i regi av Rubbestadneset grendautval (RGU)

* Prosjektet er også ein del av det fylkeskommunale prosjektet LivOGLyst, som Rubbestadneset er ein del av.

* Initiativet til prosjektet kom på to grendamøte

* Grunneigarane har stilt seg positive

* Grendautvalet har vald enkeltståande solcelledrivne lys leverte av BTG. Desse er dyrare i innkjøp enn konvensjonelle lyktestolpar, men ein slepp graving og legging av straumkabel.

* I første omgang er det sett ut to testlys mellom Brubakken og gapahuken. Til våren blir det gjort ei evaluering av korleis lysa fungerer på dei to plasseringane, kor sterke lysa er, korleis dei fungerer i Bømlo-klima og kva vedlikehald som eventuelt trengst. Deretter avgjer ein om ein skal gå vidare med å tinge fleire lysmaster. Då er det behov for ytterlegare tilskot for å få prosjektet til mellom 500.000 kroner og 750.000 kroner fullfinansiert.

* Lysmastene er fem meter høge og har ei vekt på 180—200 kilo. Dei blir frakta ut i terrenget og monterte på dugnad. Dei er bolta fast i fjell med fire boltar, og skal enkelt kunne flyttast eller fjernast ved behov.

* Prøveprosjektet har fått tilskot frå Bømlo kommune, Finnås Kraftlag og lokalt næringsliv.

* Grendautvalet trur testen vil kunne vere nyttig også for andre grendautval og kommunen, med tanke på framtidige investeringar i lys langs gangvegar, gater og lys på turstiar som dette.