Politiet på plass. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Dødsulukke på Stordabrua

Ein person i ein varebil mista livet i morgontimane i dag då ein gjenstand frå eit vogntog trefte varebilen i motgåande køyreretning då køyretøya var på veg over Stordabrua.

Politiet fekk melding om hendinga kvart på sju på morgonen. Vogntoget og varebilen køyrde begge på Stordabrua då det fatale hende. På twitter frå Sør-Vest politidistrikt vert det opplyst at politiet no søkjer etter vogntoget der gjenstanden losna og trefte varebilen, då dette køyrde vidare. VG melde at det skulle ha vore to personar om bord i bilen som vart råka av ein gjenstand frå vogntoget. Skadeomfanget på den andre personen er uvisst.

LANGE KØAR: Lange bilkøar denne morgonen i nærleiken av ulukkesstaden. Foto: Håvard Hammarstrøm

NRK melder at eit overbygg bak på vogntoget skal ha losna.

Politiet melde for ei tid tilbake at dei hadde fått stoppa vogntoget. Det vart stoppa på Grønåsen lenger sør på E39.

Politiet skriv på twitter at etter å ha snakka med sjåføren av vogntoget, kan det tyda på at han ikkje forstod omfanget av hendinga då det skjedde. Vidare undersøkingar vert gjort for å få klarlagt dei faktiske forholda utanom å ta vare på dei involverte.

Bømlo-nytt har vore i kontakt med etterforskingsleiar Roald Raunholm ved Stord lensmannskontor. Han seier til oss at politiet arbeider med sikker identifikasjon av den forulukka og at politiet ikkje kan gå ut med opplysningar før pårørande er blitt varsla.

– Eg går utfrå at det skjer så fort det let seg gjera. Det vert truleg sendt ut pressemelding frå politiet så snart dette er klart, fortel Raunholm til Bømlo-nytt.

Politiet melder også på twitter at dei ikkje vil gå nærmare inn på kva vogntogsjåføren har sagt. Sak er oppretta og vil bli etterforska vidare.

Kriminalteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er no på plass på ulukkesstaden.

Det er klart at vogntoget kom frå nord og varebilen frå sør. Hendinga skjedde om lag midt på Stordabrua, der delar av kapellet på vogntoget losna, og etterpå trefte varebilen.

Politiet melder no at Stordabrua, Bømlabrua og Bømlafjordtunnelen truleg vil vera stengde fram til klokka 12 i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stordabrua klokka 0903: Stordabrua klokka 0903. Screenshot frå Statens vegvesen sitt webkamera. Foto: Statens vegvesen

Vegtrafikksentralen melder på twitter at Stordabrua er stengt og vil vera det ei tid framover knytt opp til denne hendinga. I samband med stenginga har det hopa seg opp store køar ved brua i begge retningar. Bømlafjordtunnelen er også stengt.

Det blir arbeidd med å få i stand omkøyringsalternativ, går det fram av melding frå vegtrafikksentralen. For oss bømlingar er ferja Langevåg-Buavåg eit alternativ om ein skal reisa av øya i sørleg retning.