Det vart ein dramatisk redningsaksjon ved Grunnavågen måndag kveld då ein fraktebåt fekk motorstopp.
Det vart ein dramatisk redningsaksjon ved Grunnavågen måndag kveld då ein fraktebåt fekk motorstopp. Foto: privat

Dramatisk då lastebåt fekk motorstopp i Bømlafjorden

Det vart dramatisk tysdag kveld då ein større lastebåt fekk motorhavari  i Bømlafjorden, sør for Mosterhamn.

Fare

­­­- Båten dreiv i mot land, og den var så nær som 300 meter, seier  skipsførar på Redningsskøyta Bergen Kreds, Øystein Sandberg.

Han legg til at det er dramatisk når ein båt av ein slik storleik mister motorkrafta så nært land.

- Det har ikkje vore noko hyling og skriking, men når det ligg ein lastebåt og driv utan motorkraft er det dramatisk inntil den vert stoppa, fortel skipsføraren.

- Heldigvis var det fint vêr i området, det kunne gått langt verre under andre vêrtilhøve, som til dømes kvelden før, seier Sandberg.

Hjelp

Det tok cirka 30 minuttar før ein avlusingsbåt med namnet "Eva Elisabeth", kom lastebåten med motorstopp til unnsetning.  

- Dei tok tak i den lite grann før  ein slepebåt kom og sett sleparen på den. Samstundes hadde dei ankra så det gjekk greitt. Det er gode forhold på sjøen i kveld, fortel skipssjefen.

Redningsselskapet vart tilkalla og  deltok i den vidare aksjonen då dei kom fram.

- No har lastebåten fått i gang motoren igjen, og går for eigen motor. Men dei skal møta ein større slepebåt som skal fjølge, sluttar skipsføraren i Redningselskapet seint tysdag kveld.