Løp for livet: Mange hadde teke turen til torget på Svortland i helga der russen arrangerte Løp for livet Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Draumedag for Løp for livet

Laurdag denne helga gjekk startskotet endeleg for russen sitt bedrifts og familie løp, etter to år der det ikkje har vore noko løp å arrangera grunna pandemien.

Løpet skulle starta klokka 1230, men arrangementet var godt i gang lenge før. I det fine vêret var det mange folk som hadde møtt opp på torget på Svortland. Her hadde russen laga til andletsmåling for born, kiosk der inntektene gjekk til kreftsaka, boksekast, ringspel og loddsal. I tillegg hadde ulike aktørar stand, som til dømes Kreftforeningen og Psykisk helse Bømlo.

Årelang tradisjon

Årets russekull består av få elevar, men målet er som det alltid er, å slå fjorårets rekord i innsamla pengar til kreftforeininga. I år kan dei fortelje at det er det 33 år sidan løpet blei arrangert første gong. Bakgrunnen den gongen var at ei av elevane blei råka av kreft, og medelevane hennar ville bidra med noko i den vonde tida. Og sidan har Løp for livet vore ein stor del av russefeiringa på Bømlo vidaregåande skule.

Godt i gang med innsamlinga

Nokre av jentene som sto bak arrangementet. Frå venstre: Gabriele Karnaskaite, Leah Scheen, Trine Sjøvoll Steinsland og Helene Simonsen Hope. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Ada Stavland, frå komiteen, kan fortelje at det i år er 14 påmelde lag.

– 13 av dei er bedrifter, i tillegg er det ei gruppe med spreke «Mostradamer» som har meldt seg på. Kreftforeininga stiller og med lag å har reist heilt frå Oslo for å delta, det er veldig kjekt, seier Ada medan ho riggar til startområdet.

– Til no har me samla inn 420.000 kroner, men me har to kontoar, ein for Løp for livet, og ein som går direkte til kreftforeininga. Dessutan håpar me på å få inn masse pengar i dag. I tillegg veit me det er fleire firma som ikkje har ført over enno, for dei skal doble summen dei tilsette i firmaet gir, så dette er ein god start når russetida ikkje eingong offisielt har starta, ler Ada og dei andre jentene i styret.

Den samla summen håpar dei å ha klar i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets løp

Årets løp er ei sløyfe rundt sentrum. Starten er mellom Gamlebanken og Østensen, vidare opp til rundkøyringa via Rema, Klippen, Varhaug, over Leite, ned til Hsd-senteret, opp igjen til banken og ned på torget.

Startskotet gjekk rett før klokka 12.30, og alle deltakarane fekk ein god start. Unntaket var «Mostradamene» det einaste laget som hadde kledd seg ut. Der var det finstas som gjaldt denne dagen, og med fotside kjolar sa det seg sjølv at dei var helst med for opplevinga.

– Men utruleg kjekt. Og litt dumt det ikkje er fleire utanom bedrifter som melder seg på. Det må jo vera mange venninneklubbar, frivillige lag og organisasjonar som dette må passe midt i blinken for, seier dei stivpynta damene etter vel gjennomført løp.

Mostradamene: Ein glad venninnegjeng, som til vanleg går tur i lag kvar tirsdag, hadde pynta seg ekstra til løpet Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Rask rundetid

Under ti minutt etter starten var allereie det første laget i mål. Det gjekk såpass fort at dei mange ungane og familiane som hadde teke turen ikkje hadde rukke å flytte seg unna målområdet. Rubbestadnes idrettslag var først over målstreken, Teca kom på ein god andreplass og Fylkesnes fisk var hakket bak og enda på ein tredje plass.

Rubbestadnes idrettslag: Kom først i mål, og brukte under ti minutt på runden sin Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Premieutdeling

Dei tre laga som kom først i mål vann goodiebag frå Rema 1000 og fruktkorg frå Coop Extra. Deretter var det beste stafettpinne som skulle kårast. Her var det fleire kreative bedrifter som kjempa om førsteplassen, og både hjartestartar og bok frå biblioteket kniva om plassen. Bømlo helsestasjon/Bømlo kommune var den som gjekk av med sigeren, ei heimaspøta hekla pupp, for å få fokus på brystkreft.

Mostradamene kom sist i mål, men då dei vann prisen for beste utkledning var plasseringa alt gløymt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kjempekjekk dag. Me fekk svinsa og dansa oss gjennom etappane, og det var mange som heia på oss. Eit veldig godt gjennomført arrangement av russen, håpar dei knusar alle tidlegare rekordar, avsluttar dei blide fruene der dei sit i solsteiken i finstasen og beundrar premien sin.

Nydeleg vêr: Årets arrangement må kallast ein suksess etter to år med pandemi og uteblitt løp. Vêret var på arrangøren si side, og mange valde å bruke føremiddagen på torget i lag med russen. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg