Simon Nesse Økland fotografert for nokre år sidan då salmalaksen fekk ros for sin gode kvalitet frå eit velrenommert kvalitetsinstitutt. PRESSE
Simon Nesse Økland fotografert for nokre år sidan då salmalaksen fekk ros for sin gode kvalitet frå eit velrenommert kvalitetsinstitutt. PRESSE Foto: Bremnes Seashore/ARKIV

Dreg tilbake eit parti med salma

Bremnes Seashore AS har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på eit 3,6 tonn stort parti med salma halvloin som vart slakta 3. oktober 2019.

Bremnes Seashore AS sender tysdag ettermiddag ut ei pressemelding for å fortelja om at eit parti med salmalaks no vert dregen tilbake frå marknaden.

– For å vera heilt sikre tilbakekallar me alle SALMA-produkt knytta til denne slakte/pakkedagen, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore AS.

Tre tonn av laksen er blitt sendt ut til butikkar over heile landet. Litt av partiet er også eksportert utanlands, til Frankrike og Sverige.

Tek ingen sjansar

– Dette gjeld alle salma-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det salma smoked merka med partinummer 221252. Dei tilbaketrekte produkta har vore i sal i butikk frå måndag 7. oktober, med unntak av OBS Haugesund kor varene var i sal frå fredag 4. oktober, fortel Nesse Økland.

Bremnes Seashore AS beklagar det som har skjedd.

– Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake, fortel representanten frå selskapet.

Har iverksett ekstra tiltak

I pressemeldinga går det fram at det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria.

– Bremnes Seashore har eit omfattande prøvetakingsregime og vaskar ned produksjonslokala kvar einaste dag for å sikra god hygiene og trygg mat. Som følge av påvisninga har me gjort ekstra tiltak med demontering og desinfisering. Produksjonen frå påfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore, understrekar utviklingssjefen.