MOT nye mål: Frå venstre Ørjan Røksund, Lars Østensen, Ingeborg Anglevik, Sølva Lindskog, Leah Emilie Bjørvik, Ane Rønningen, Hannah Stokkenes-Jenkins, Inger Jenny Gard Talmo, Ronja Stautland og Ine Amanda Laurhammer. Foto: Ingvild Sjo

Drøymer seg fram med MOT

Å våga å seia høgt kva ein drøymer om, det er første steg på vegen mot å nå eit mål. Her er dei ti vinnarane av årets draumedag med MOT på Bømlo.

– Men min draum, den er òg gått i oppfylling, for den var å bli lærar, sa regionsleiar Regina Njåstad Vestrheim i drøymetalen som opna samlinga for 350 elevar i ungdomsskulen på Bømlo fredag formiddag. Det beste ho veit, er å få jobba med barn og unge, og ho nytta høvet til å snakka om innsatsen og kreftene som skal til for å nå eit mål.

– For vegen kan vera både humpete og uoversiktleg, og då er det viktig å ha ein draum – eit mål å navigera etter, sa ho før elevane fekk underhaldning ved duoen Ingeborg Anglevik og Elisabeth Solås med song og piano. Elevane hadde òg quiz, som klasse 9C ved BUS vann, og jubla for premien som var kinodag for heile klassen i Bømlo kulturhus.

MOT Bømlo sin koordinator Øyvind Marsteen og regionleiar Regina Njåstad Vestrheim framfor framfor 346 elevar frå Hillestveit, Moster og Bremnes ungdomsskular. Foto: Ingvild Sjo

10 gode draumar som blir sanne

MOT i Bømlo sin draumedag er dagen då ti heldige får oppfylt sin draum. MOT-koordinator Øyvind Marsteen presenterte 10 vinnarar blant alle 9.-klassingane på Bømlo. Her var det gjort eit omfattande arbeid for at draumar skulle bli realiserte.

– Me fekk inn veldig mange flotte, velformulerte søknadar, sa Marsteen som var imponert over elevane sine draumar og evne til å uttrykkja dei. Men 80 % av søknadane var skrivne av jenter, medan gutane hadde resten. Det var litt ubalansert.

– Så kom igjen, gutar! Til neste år må de skriva søknad og vera med på å vinna at draumen blir verkeleg! sa han til 8.-klassingane i salen. Dei ti vinnarane er:

Hannah Stokkenes-Jenkins

drøymer om å få ein jobb innan media, helst radio. MOT Bømlo har avtalt med NRK Radio at Hannah får omvising ved det nye mediehuset i Bergen og får vera med under Espen Hatlestad si morgonsending neste måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leah Emilie Bjørvik

drøymer om å få jobba med energi og vil gjerne læra om kva forskarar meiner me skal laga energi av i framtida. MOT Bømlo har fått avtale med Universitetet i Bergen si avdeling for Energi, og der skal ho få møta fleire av dei som forskar på feltet fornybar energi.

Ina Amanda Laurhammer

har alltid hatt eigen båt og drøymer om ein dag å få arbeida på sjøen. Ho ønskjer seg båtførarbevis, og her har MOT Bømlo fått avtale med Waypoint Maritime som skal halda fleire slike kurs på Bømlo dei kommande månadane, og her er Ina Amalie invitert deltakar.

Sølva Lindskog

elskar bilar, og spesielt Ford Mustang. Ho drøymer om å bli bilmekanikar. MOT har fått avtale med Håvard Hammarstrøm i Bømlo Amcarklubb, og Sølva er invitert med på vårcruise i hans Mustang. I tillegg får ho jobba som bilmekanikar ved Bremnes Auto ein heil dag.

Ronja Stautland

elskar å syngja, og hennar draum er å syngja og spela i eit studio. Den draumen fiksar MOT, og lydteknikar Hans Olav Molde som har eige studio og vil laga opptak med Ronja når det passar.

Inger Jenny Gard Talmo

sin draum er at handballaget hennar skal få ei trening med landslagsspelar Camilla Herrem. Det hadde diverre ikkje Herrem tid til, men brått dukka ho opp på storskjerm og inviterte Inger Jenny og ei venninne med på trening. Alt 3. februar dreg dei til Sola Handballklubb for å trena saman med landslagsspelaren.

Ane Rønningen

er oppteken av livet i havet og ønskjer å vita meir om havressursane. Ho drøymer om å møta ein marinbiolog i arbeid. MOT har laga avtale med Havforskingsinstituttet på Austevoll, og her får ho omvising på anlegget av leiar Kjetil Steinsland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lars Østensen

drøymer om å bli sportsjournalist, og gjerne fotballkommentator for Premier League. Her klarte MOT å få til ein avtale med Rune Bratseth, og turen går til Oslo og Champions League sitt studio der Lars får vera med og møta dei som er i studio ein kampkveld han sjølv kan velja.

Ingeborg Anglevik

har musikk som lidenskap og drøymer om å stå på scena i ein stor musikal. Brått dukka leiar Øystein Kausrud i Bømlo teater opp på scenen, saman med regissør Nina Sele, med invitasjon til audition og møte alt neste dag.

Ørjan Røksund

drøymer om å bli styrmann for Fjordline. Hans søknad førte til at Flemming Hofmann Tveitan dukka opp på scenen og overrekte ei oppblåsbar Fjordline- ferje og inviterte Ørjan med på tur Bergen – Stavanger med MS «Stavangerfjord». Kaptein David Mannov helsa velkommen til Ørjan frå storskjerm, og i tillegg vil Fjordline laga film om Ørjan og seglasen i veka som kjem.

Adrian Lund viste styrke som deltakar i 71 grader Nord med å vinna det ingen trudde han hadde sjanse til å klara. Til dømes stå i ro på ein fot. Foto: Ingvild Sjo

Ticks og takks

Foredragshaldar i år var ein ukueleg inspirator som starta ut i ungdomstida med mange odds mot seg. Adrian Lund viste til fulle at ein kan veksa frå null sjølvtillit til å vera ein som lever av å gje andre sjølvtillit. I eit 50 minuttar langt foredrag fekk elevane innføring i kva tourettes er, korleis ein kan handtere å vera annleis og snu det til ein styrke, og ikkje minst korleis me som medmenneske kan bidra til auka meistring for andre, og for oss sjølv.

– Tourettes har jo ført meg hit i dag, til å møta dykk, og det er eg takksam for, sa Lund.