Travel kveld på jobben: Patruljen til utrykkingspolitiet fekk det travelt under kontrollen på E39 i Sveio. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkivfoto

E39: 27 førelegg og eitt førarkortbeslag

Utrykkingspolitiet gjorde onsdag kveld eitt førarkortbeslag og skreiv ut 27 forenkla førelegg under ein kontroll i 60-sona på E39 på Haukås.

Det melder Sør-vest politidistrikt på Twitter. Bilføraren som mista førarkortet vart målt til 88 kilometer i timen i 60-sona i Sveio.

Det vart skrive ut 27 forenkla førelegg for fart, det vart altså gjort eitt førarkortbeslag for fart, og i tillegg vart ein bilførar meld for køyring utan gyldig førarkort, blir det opplyst.

Les også
Så mange førarkort rauk etter passering av fotoboksane i Bømlafjordtunnelen i 2020