KORONAINNLEGGING: Ein pasient med koronasmitte er no lagt inn ved Stord sjukehus. Foto: Nils-Tore Sele

Ein koronasmitta pasient ligg no på Stord sjukehus

I dag, sundag vart det kjent at ein pasient med koronasmitte er lagt inn på Stord sjukehus.

Helse Fonna melder i dag at det er åtte Innlagte pasientar med påvist covid-19 ved sjukehus i helseområdet. Desse fordeler seg slik:

Haugesund sjukehus: 6

Odda sjukehus: 1

Stord sjukehus: 1

To under intensivbehandling i Haugesund

Nytt av oversikta er altså at det no er ein pasient innlagt med koronasmitte ved Stord sjukehus. Av desse åtte koronapasientane i Helse Fonna får følgjande pasientar for tida intensivbehandling: 1 vaksen og 1 eldre, begge ved Haugesund sjukehus.

Helse Fonna vil ikkje opplysa kva kommune den smitta innlagt på Stord sjukehus kjem frå, men talet koronasmitta i Stord kommune er no gått opp til fire.

84 fonna-tilsette i korona-fråvere

Helse Fonna opplyser at dei i dag, sundag, har 84 av sine om lag 4.000 tilsette i koronarelatert fråvere/karantene.

Av personvernomsyn vil sjukehuset ikkje gi fleire opplysningar om medarbeidarar, pasientar eller pasientar sin helsetilstand.

Helsedirektoratet oppmodar alle landets sjukehus aktivt å informerae om at dei har ein pasient innlagt som følgje av covid-19. Dei presiserer at det er viktig å ivareta personvern, slik at vedkomande ikkje kan identifiserast.

Det er eit strengt krav om at identifikasjon ikkje skal vere mogleg, verken direkte eller indirekte, for at kravet til anonymitet skal vere oppfylt, går det fram av informasjonen frå Helse Fonna.