Covid-19: Laurdag melder Bømlo kommune om eitt nytt smittetilfelle. Foto: Inger Tverborgvik

Ein ny person har fått påvist korona

Det melder Bømlo kommune laurdag 17. april.

– Smittesporing viser ingen nye nærkontaktar, opplyser kommunen.

Fredag vart det testa 23 personar, tre av dei er rekna som nærkontaktar.

Nabokommunane

På Stord er det i dag registrert ein ny smitta.

– Jente 8 år meldt covid-19-positiv etter test 14.04. Lette symptom, skriv Stord kommune om smittetilfelle.

Vedkommande var nærkontakt til kjend smitte og i karantene. No isolert.

– Sporing gjennomført tidlegare, skriv kommunen.

Tidlegare denne veka har Stord hatt tre smittetilfelle. Av dei var to menn i 30-åra og ei kvinne i 20-åra.

Fitjar

I Fitjar er det ikkje registrert ny smitte i dag, men to i går, fredag.

– Den 16. april 2021 vart det stadfesta eitt nytt smittetilfelle med tilknyting til Fitjar. Dette er importsmitte og gjeld arbeidar som kom frå utlandet på veg til arbeid på Fitjar Mekaniske Verksted AS, skriv kommunen på sine heimesider.

Vidare opplyser kommunen at dei smitta er isolert, og to nærkontaktar er i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kjenner ikkje til at den smitta har vore i kontakt med personar i lokalsamfunnet. Det er god oppfølging frå verksemda og smittevernlegen i Fitjar, skriv kommunen.

Kvinnherad

I Kvinnherad er det ikkje meldt om nye smittetilfelle laurdag. Siste kjende smittetilfelle i kommunen var torsdag 15. april.

– Melding om 1 ny smitta torsdag kveld. Kjent nærkontakt og lite smittesporing, skriv Kvinnherad kommune.

Sveio

Sveio kommune har ingen registrerte smittetilfelle denne veka. Førre registrerte smittetilfelle var eitt tilfelle måndag 5. april.