NYE BØMLINGAR: Mariia, Dmitry, Peter og Oscar Ovsyannikov er blant dei mange som har flytta til Bømlo det siste året. Med seg på flyttelasset har dei mange spennande interesser som både dei og bømlingane kan få glede av i åra som kjem. Her er dei saman med ordførar Sammy Olsen på ordførarkaffien 1. juni. Foto: Simon Knutsson Sortland

Eit møte med nye deltakarar og frivillige i Bømlo

2022 er frivilligheita sitt år. I spalta der me blir kjent med lag og organisasjonar i Bømlo er temaet i dag dei som kanskje snart blir nye deltakarar og frivillige i kommunen vår.

I slutten av april samla lag og organisasjonar seg til det årlege dialogmøte med kommunen. Tema var rekruttering og inkludering av deltakarar og frivillige – og ein ting er heilt klart: Lag og organisasjonar i Bømlo ønskjer seg fleire deltakarar og frivillige. Kan nytilflytta Bømlingar vera nokre av desse?

Nye innbyggjarar på ordførarkafé

To gangar i året har ordføraren i Bømlo ordførarkafé for alle nye innbyggjarar i Bømlo. Her fortel ordføraren om kommunen vår og også kva me bømlingar kan delta og gjera på. 1. juni kom 26 nye innbyggjarar for å høyre meir om Bømlo og møte ordføraren vår.

Dei nytilflytta famnar breitt: Her er barnefamiliar, unge vaksne og seniorar. Då ordføraren tok med seg mikrofonen på ein runde fekk me høyra at innbyggjarane har busett seg over heile kommunen. Nokon har vendt nasen heim etter nokre år borte, men her er også bergensarar, stavangerfolk, italienarar, indarar, thaiar, russarar og eritrearar.

Nye deltakarar og frivillige?

Og så til spørsmålet eg starta med: Er det nye frivillige og deltakarar blant desse? Eg spurte nokre tilfeldige om kva dei interesserer seg for og her var det mange spennande interesser! Her er folk som likar natur, spelar gitar, likar å laga god mat, likar å dyrka mat, vil læra meir om båtliv, kan lage skikkeleg napolitansk pizza, har vore med på First Lego League, likar å laga liv og røre og har lang erfaring med å rekruttera til større arrangement. Og ikkje minst: Her er mange som har lyst til å bidra – Nokon har allereie funne seg aktivitetar og organisasjonar, men framleis er det fleire som vil bli kjent med nye aktivitetar og bømlingar.

Og då er svaret at ja, her kan både lag og organisasjonar og nytilflytta få glede av kvarandre i åra som kjem – klarar me å invitera dei til å delta?