Har fått dikt: Emma Sofie Leirvik har fått dikt av sin hemmelege "valentin" på valentindagen, men kven er han? Foto: Privat

Emma får dikt av sin hemmelege «valentinar»

Bømlo folkehøgskule har via heile denne veka til kjærleiken, og elevane har hatt kvar sin hemmelege «valentinar». Emma Sofie Leirvik får på denne dagen dikt

Det er den hemmelege venen som har kontakta lokalavisa i håp om at han kan få overbringe diktet til Leirvik på valentinsdagen. Han fortel til Bømlo-nytt at elevane i løpet av veka har hatt som mål å glede sin hemmelege valentin.

via GIPHY

– Ville tydd enormt mykje

Kor hemmeleg valentinaren er etter ei veke med gode gjerningar er ikkje godt å seie, men den unge mannen me har vore i kontakt med fortel i alle fall at elevane i kveld får vite sikkert kven deira hemmelege valentinar er. Fram til då skal det vera hemmeleg.

Les også
Folkehøgskulen er i ferd med å setja ny søkjarrekord

– Eg legg ved teksten og eit bilete av Emma. Håper på positivt svar, då dette ville tydd enormt mykje både for meg og Emma, skriv valentinaren i e-post til lokalavisa. Han har via kjente fått godkjenning frå Leirvik sjølv til at biletet av ho blir publisert av lokalavisa.

via GIPHY

Hyllest og dikt til Emma

– Eg er så heldig å ha fått Emma. Denne teksten er ein hyllest til ho:

«Dette er Emma Sofie Leirvik. Emma går på Bømlo Folkehøgskule, nærmere bestemt linjen Fokus: Afrika. Hun er en svært utadvendt og sympatisk person. En av hennes største interesser er musikk, og hun elsker å synge. Heldigvis for oss andre på skolen er hun også veldig flink til det. Emma sprer masse glede rundt seg i hverdagen, og hun er alltid komfortabel å snakke med. Jeg vil gjerne hylle min kjære valentin Emma med et dikt:

Kjære Emma
Du er som en gyllen sommervind
Varm og forfriskende, så god og fin
Født i tvillingens stjernetegn
Det er alltid hjerterom i ditt omegn
Ditt lys skinner inn i vår vinduskarm
Hele sjelen min blir varm
Dette er vår siste dag som par
Så får vi se om du er riktig snar
Og finner ut hvem jeg er
Som har deg så kjær

Ha en strålende dag Emma, gleder meg til avslutningen på uken med deg <3

Hilsen din hemmelige valentin.