Nytt smittetilfelle: Tysdag 29. desember har det kome melding om enno ein positiv prøve på Covid-19. På bilete er Julie Teige (t.v.) og Synnøve Sørevik i testlaben . Foto: Inger Tverborgvik

Enno eit nytt smittetilfelle

Tysdag blei det registrert eit nytt smittetilfelle. Det betyr at det har blitt registrert totalt 16 koronasmitta personar på Bømlo i perioden 16. desember til 29. desember.

– Vedkommande er nærkontakt til person som tidlegare har fått påvist smitte, og har vore i karantene, skriv Bømlo kommune om det siste smittetilfellet.

Ifølgje smittevernlege Kjersti Follesø har vedkommande ikkje blitt testa på Bømlo.

– Vedkommande er busett på Bømlo, men har ikkje testa seg her. Me fekk melding om det positive prøvesvaret i dag.

Kommunen ventar framleis svar på prøvar teke måndag.

Les også
Slapp karantene sidan nærkontakt var asymptomatisk
Les også
Bømlo får 30 vaksinar på nyåret
Les også
Ny pasient med covid-19 innlagt på Stord sjukehus