20 ÅR ETTER: Skipper Magnus Larsen, matros/motomann Vidar Gundersen, frivillig Øyvind Larssen jr. og frivillig Øyvind Larssen, og Amund Amundsen (som var vekkreist då dette biletet vart teke), var om bord i «Espeværekspressen» og gjorde ein innsats som berga 21 menneskeliv då «Sleipner» sokk 26. november 1999. Foto: Ingvild Sjo

«Espeværekspressen» berga 21 menneske frå «Sleipner»-forliset på under ein time.

Øyvind Larssen sr stod på baugen og hadde berre eit tau og si eiga handmakt å hjelpa seg med medan folk ropte på hjelp i opprørt hav. Ein om gongen halte han dei om bord medan båten gynga i 4—5 meter høge bølgjer.

— Den siste måtte Magnus overta. Då hadde eg ikkje meir makt i nevane, seier Øyvind Larssen.

26. november er ein spesiell dag for Larssen. Det er fødselsdagen hans.

Henta tre mann på kaien på Espevær

Klokka 19:08 — Skipper Magnus Larsen og matros og motormann Vidar Gundersen hadde lagt frå kai i Eidesvik med ein passasjer om bord. «Espeværekspressen» var berre kommen nett ut på sundet då styrmann Olav Skjetne sitt naudrop frå «Sleipner» kom over radioen. Dei hadde gått på Blokso ved Ryvarden.

— Eg visste jo korleis det var der ute, seier Larsen. Sjøen var grov denne kvelden, liten storm, og sterk vind tidlegare på dagen. Larsen ville gå direkte til Blokso, men Gundersen meinte dei måtte ha med seg meir hjelpemannskap om dei skulle få gjort noko. Larsen visste kven han skulle ringja til. Han hadde telefonnummeret i hovudet, og Øyvind Larssen som bur på kaien i Espevær var snar å reagere. Han fekk med seg sonen sin Øyvind jr. og Amund Amundsen. Dei tre stod klare på kaien då passasjer Christine Teikari hoppa i land. Ho kom frå jobb i Haugesund og hugsar i dag spesielt klart korleis landgangen i Eidesvik drog seg til sides av kraftig sjø då ho gjekk om bord. Ho merka seg korleis mannskapet straks reagerte på naudropet, og at dei hadde ro og handlekraft.

— Det var eit spørsmål om tid, seier Teikari.

JOKER: Christine Teikari (til høgre) var einaste passasjer frå Bømlo til Espevær «Sleipner»-kvelden. Ho jobbar på butikken på Espevær og veit å setja pris på innsatsen til Magnus Larsen og Vidar Gundersen. Den gong som no. Foto: Ingvild Sjo

Såg båten gå ned

Klokka 19:45 — Framme ved Blokso fekk dei sjå eit syn dei aldri gløymer.

— Me hadde jo vore på kurs og lært at katamaranar kunne ikkje søkkja, så me hadde gjort klar tamp og skulle slepa han inn i fjorden, i le for vêret, trudde me. Men då me kom fram, sokk han rett framfor baugen på oss, seier Magnus Larsen.

Synet brende seg fast i minnet til dei som såg det. På båten som glei ned i havet såg dei folk som stod på dekk og heldt seg fast i rekkverket.

— Den augneblinken då alt blei svart, og det lyshavet med redningsvestar som kom etterpå, det sit att, seier Gundersen. Eit hav med tomme redningsvestar flotna først opp og kom rekande. Ein Hennig Olsen-fryseboks kom flytande, og gule rekkjer med sete. Frå styrehuset leita Larsen etter folk med lyskastar. Han såg først etter små barn, for dei visste ikkje kven som var om bord.

— Det blinka over heile havet i redningsvestar, seier Øyvind Larssen. Så såg dei nevar som vinka og høyrde rop om hjelp.

Improvisasjon

— Situasjonen blei mykje meir alvorleg enn det me trudde, seier Øyvind Larssen jr.

— Men me var på rette sida til rette tida, seier Magnus Larsen. På baugen stod Øyvind Larsen, utan redningsvest, utan hanskar, men med manns mot og ei trosse, klar til å improvisera med alt dei hadde for å berga liv.

Dei såg omkomne som låg og flaut med hovudet ned, men dei måtte konsentrera seg om dei som levde, slik naudsituasjonar krev.

Øyvind byrja med å hiva ut trossa til folk i sjøen.

— Og då var me i gang, seier Magnus Larsen om ein metode som gjorde at det i gjennomsnitt vart brukt mindre enn tre minutt per berging. Øyvind Larssen fekk kasta tauet ut til folk så dei fekk hengja seg på, og drog dei langs sida på båten fram til porten i sida.

FAR OG SON: Øyvind jr og Øyvind sr Larssen tek seg tid til ettertanke om det som hende. Det var godt å kunna berga folk i naud. – Men det som sit mest att for meg etter den kvelden, det var dei nevane som vinka som me ikkje klarte å berga, seier Øyvind sr. Foto: Ingvild Sjo

No kom dei høge bølgjene til hjelp.

— Eg fekk ein tek med å ta dei på bølgjene, seier Øyvind om måten han fekk dei opp i båten.

Dugande kioskdamer

Snart såg dei at folk hadde samla seg i flytande klyngjer og dermed var dei lettare å få tak i. Dei hengde seg på trossa, ein om gongen. Blant dei første som dei fekk om bord, var Kjellaug Skjerve og Mette Jensen. Dei to jobba i kiosken om bord i «Sleipner».

— Og dei gjorde ein flott innsats med å ta seg av dei andre passasjerane me fekk opp. Den innsatsen må me verkeleg rosa, seier Øyvind Larssen og resten av teamet. Bergingsoperasjonen heldt på i ein time, og folk var skada og sterkt nedkjølte.

«Espeværekspressen» vart gjort om til sjukestove, og dei våte, kalde kleda var fulle av olje og måtte av. Det låg folk over alt, og alt som var om bord av mannskapet sine klede og andre tekstilar vart brukt for å hindra nedkjøling.

MED SJØEN FULL AV FOLK: Skipper Magnus Larsen si bragd står att som eit meisterstykke i manøvrering då «Sleipner»sokk. Foto: Ingvild Sjo

Manøvrering i særklasse

Oppe på brua kom skipper Magnus Larsen sine manøvreringskunster til sin fulle rett. I høge bølgjer og kaos manøvrerte båten mellom menneske i havsnaud og flytande vrakrestar, heile tida på vakt for ikkje bakka inn i nokon.

— Det måtte vera avstand så me ikkje fekk folk i propellen. Hadde me komme borti nokon hadde me slått dei i hel, seier han.

Ingen vart skadde underberginga, og teamet jobba på spreng, høge av adrenalin, og arbeidet gjekk som av seg sjølv, utan roping og skriking, men uvêret auka på. Vidar Gundersen målte bølgjehøgda til 5—6 meter.

Vidar Gundersen har halta heile livet, men ikkje under bergingsoperasjonen ved Blokso. Då sprang han.

Med skulesekken på seg

Etter kvart kom fleire båtar til, og helikopter, og om bord i «Esperværekspressen» skrudde dei tempoet endå meir opp. Konkurranseinstinktet var på plass. Det gjaldt å berga flest.

Maskinisten på «Sleipner» hadde overlevingsdrakt på seg. Han var tørr og ikkje tilgrisa av diesel. Då han kom om bord i «Espeværekspressen» vart han sett i arbeid i styrhuset med å lysa etter folk i sjøen.

Den siste passasjeren dei fekk opp, var ei 16 år gammal skulejente. Ho var så blytung at Øyvind Larssen måtte overlata jobben til andre. Magnus Larsen fekk jenta opp, og då såg dei kvifor ho var så tung. Ho hadde ein ransel full av skulebøker hengjande om halsen.

— Den skar han av og heiv langt bortover sjøen, ler Øyvind. Alt var fullt av diesel, og for passasjerane om bord vart det meir kritisk av fleire grunnar, og panikk braut ut. Dei måtte ha legehjelp. Dei måtte få ringja heim og seia at dei var i live. Dei var nedkjølte og ville til land, til trygg hamn. Og frå brua skjøna skipperen at oppdraget var ferdig for «Espeværekspressen» sin del. Dei måtte fjerna seg for ikkje å vera i vegen for helikopter og andre bergingsbåtar.

Motortrøbbel

«Espeværekspressen» hadde fått problem med den eine motoren.

— Det flaut med koffertar og vesker, og det kom klesfiller inn i sjømannsinntaket, fortel Gundersen. Ein motor som ikkje får kjøling stoppar. Det viste seg at då «Espeværekspressen» gjekk frå Bloksene, var det i akkurat siste minutt for å koma seg til lands med eige maskineri. Dei tenkjer med gru på kva som kunne ha skjedd om «Espeværekspressen» sjølv hadde havarert i uvêret denne kvelden. Vêret hadde auka på, og Magnus Larsen fekk ein ny kamp mot klokka.

Mot berging i Bømmelhamn

Klokka 21:10 — Endeleg i hamn. Øyvind Larssen var handelsmann på Espevær, og han ringde kollegaen sin i Bømmelhamn. Butikken til familien Lønning var rette staden å landa. Der var det både mat og klede, triveleg rom med varme, og ikkje minst folk dei visste kunne ta eit tak og visa omsorg. Til saman 17 personar stilte som hjelpemannskap. Beskjeden om å gå til Mølstrevåg brydde dei seg ikkje om. Magnus Larsen var sjef om bord og han gjekk til Bømmelhamn. Og han pusta letta ut då «Espeværekspressen» endeleg var framme ved kai. Der stod det ambulansar, og der venta pårørande.

— Ja, det var i siste minutt, seier han om slutten på ein vellukka bergingsoperasjon.

SER MOT BLOKSENE: Vidar Gundersen ser dagleg mot Ryvarden og Bloksene på jobb om bord i «Rose Ekspress». Minnene frå forliset som hende er sterke, men i ettertid har det òg skjedd gode ting, som til dømes lys på Blokso, og betre redningsutstyr om bord i båtar. Foto: Ingvild Sjo

Ein pose tvist

Etter bergingsoperasjonen hadde teamet om bord på «Espeværekspressen» evaluering. Då snakka dei saman om det som hadde skjedd, og Øyvind Larssen jr. laga ein rapport. Magnus Larsen har ei liste med namn på dei overlevande. Det er tydeleg at dei er glade over kvart namn på denne lista, og er interesserte i høyra om korleis det har gått med dei sidan. Nokre av dei kjenner dei frå nærmiljøet sitt, men den som dei har hatt mest kontakt med, er skulejenta med den tunge sekken. Dei smiler ved tanken på henne og kan rekna seg fram til at ho er 36 år no.

— Men kva med traumebehandling og krisehandtering? Fekk de del i noko av dette?

— Me fekk lensmann og prest om bord dagen etter. Dei hadde med seg ein pose tvist. Eg trur dei var med på å eta den opp sjølv, ler Magnus Larsen og avslører humor som terapi. Galgenhumor er til god nytte når kriser rår, men for skipperen om bord i «Espeværekspressen» er det ein ting han ikkje kan le av. Han er kraftig provosert over Redningsselskapet som har vore med og markert seg på minnedagar for «Sleipner» sitt forlis på Blokso.

— Men dei var ikkje der då dei skjedde. Dei var ikkje i nærleiken heller. Ser eg at redningsskøyta viser seg i forbindelse med minnemarkeringar for «Sleipner», så ringjer eg og seier at dei skal fjerna seg. Det er ei stor skam å gjera slikt mot folk som var med under berginga, seier han.

ESPEVÆR: For 20 år sidan var selskapet HSD og båten heitte «Espeværekspressen». I dag er selskapet Gulen Skyss, båten heiter «Rose Ekspress», men mannskapet er det same. Foto: Ingvild Sjo

Ein plakett

Ingen av bergingsmannskapet kjenner seg skada av traume i ettertid, men til tider vil tankar kverna om det som hende, og bilete frå Blokso denne kvelden kjem tydeleg fram. Det er òg gode minne å ta med seg. Dei hadde tida på si side denne kvelden. Lukka stod den kjekke bi.

— Det er utruleg at det har gått 20 år. Det kjennest ikkje slik, seier dei fire. Om dei skal delta i markering, er dei ikkje sikre på, men dei høyrer naturleg til der, og minnesmerket på Ryvarden er ein fin stad.

— Eg er no der av og til og går tur, seier Magnus Larsen.

— Kva med medalje eller diplom med takk for innsatsen frå det offentlege, det har de vel fått?

— Medalje? Nei, det har me ikkje fått. Me fekk ein plakett frå HSD. Ein slik som alle fekk. Eg har han hengjande i gangen, seier bergingsmann Øyvind Larssen.

HEIDERSMANN: Han var i sin beste alder, sjøvant, smidig og sterk av arbeid, og med ein vilje av stål som kom til sin rett under «Sleipner» sitt forlis. Øyvind Larssen (81) var rett mann på rett stad. Foto: Ingvild Sjo