Ein familiefar er dømt for å ha mishandla familien sin både fysisk og psykisk. Foto: Håvard Hammarstrøm

Far mishandla kone og ni barn: Må i fengsel i dryge fire år

Ein 49 år gammal far busett på Bømlo, er dømt til å sone fire år og tre månadar etter å ha terrorisert familien sin i over ti år. Sjølv synst han straffa er for hard og har anka.

Overgrepa skal ha skjedd i perioden 2010-2020. I dommen står det at mannen mellom anna skal ha slått og sparka, dytta og komme med krenkande ord. Han skal mellom anna også ha helt kaffi over kona og slått den eine dottera med ein oppvaskkost.

Uforutsigbar

Dei ni barna skal alle ha fått gjennomgå. Nokre av dei vitna i retten og nokre i avhøyr med politiet. Desse blei spelt av i Haugaland og Sunnhordland Tingrett. Alle fortel at dei har levd eit liv i frykt, med ein valdeleg far som utan forvarsel kunne slå og sparke dei. Han skal også ha stengt dei inne på eit rom om han meinte dei hadde gjort noko galt. Den eine dottera fortel at faren ved eit tilfelle drog henne ut frå ein kinosal etter håret fordi han meinte ho ikkje hadde oppført seg. Alle ungane har sett faren vere valdeleg mot søskena og mora.

Psykisk terror

Når det kjem til kona så har mange av raseriutbrota til mannen handla om husarbeid. Trass i at kona drog på jobb kvar dag, meinte han at ho skulle klare å halde huset skinnande reint. Om han ikkje var fornøgd så skal han ifølgje dommen ha straffa henne fysisk. Han skal også ha vore svært kontrollerande, forlangt å få vite kva tid ho kom og gjekk frå jobb kvar dag, og ha beskyldt henne for å vere utro. Kona skal ha blitt så utpsyka at ho har forsøkt å skade seg sjølv ved fleire høve.

«Retten er ikkje i tvil om at tiltalte har heldt familien i eit jerngrep ved hjelp av kontinuerlig utryggleik og frykt for vald. Det er tiltalte som har bestemt alt av betydning i heimen», står det i dommen.

49-åringen innrømte delvis straffskyld og fekk fire år og tre månadars fengselsstraff. I tillegg må han betale kona og alle ni ungane 125.000 kvar i erstatning. Mannen er altså ikkje einig i dommen og har anka.