Vêrradaren på Klovafjellet på Goddo.
Vêrradaren på Klovafjellet på Goddo. Foto: Ingvild Sjo/Arkiv

Får pengar til vêrradaren

Regjeringa føreslår å løyva 12.9 millionar kroner til oppgradering av vêrradaren på Goddo.

Regjeringa foreslår å løyva 12,9 millionar kroner til ei omfattande oppgradering av vêrradaren på Bømlo. Det skriv Bømlo Høgre i ei pressemelding.

Ein vêrradar er utsett for stor slitasje, og kvaliteten på observasjonane går ned med alderen. Forventa levetid for ein vêrradar er om lag 15 år, før han treng ei såkalla midtlivsoppgradering. Vêrradaren på Bømlo vart sett opp i 2002, og er nå 17 år gamal. Radartårnet er 6,5 meter høgt, og vêrradarantenna står 104 meter over havet.

Verradaren på Bømlo overvakar nedbøren som kjem inn frå havet i vest mot kysten og Bergen og er svært viktig for vêrvarslinga i dette området. Ei framleis sikker og god vêrradardekning har stor betydning for vêrvarslinga av ekstremvêr og flaum i området.

Radaren på Bømlo bidrar også til betre varsling av flyvêret på Flesland, og dermed til auka flytryggleik, heiter det i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no