SAMTALE OM PSYKISK HELSE: Karl-Bertil Nordland (t.h.), Olav Kornelius Ovaa (t.v.) og Anders Leinebø møtte onsdag fleire hundre bømlaungdomar i kulturhuset. På bryggjekanten på Sæverudsøy vart det nokre refleksjonar rundt det. Foto: Nils-Tore Sele

Fekk eit sterkt møte med ungdomane på Bømlo

Karl-Bertil Nordland (41) er ein av hovudpersonane i dokumentarfilmen «Kunstneren og tyven» som har gjort stor suksess i inn- og utland. Onsdag var han på Bømlo då filmen vart vist som del av markeringa av Verdsdagen for psykisk helse.

Denne veka starta Karl-Bertil Nordland på sitt nye samarbeid med Blå Kors sitt Steg for steg-program for rusrehabilitering. Han vil saman med representantar frå Blå Kors mellom anna reisa til 11 byar i haust, der først filmen blir vist med påfølgjande samtale med publikum, med tid for spørsmål og svar om det publikum nettopp har sett.

Fekk fine møte med bømlaungdomen

På Bømlo vart det to slike møte med elevane frå dei to vidaregåande skulane på øya, før ei tredje og siste samling for eit vakse publikum på kvelden. Med på reisa til Bømlo i lag med Nordland, var fagleg leiar for Steg for steg-programmet i Blå Kors, Anders Leinebø og lege Olav Kornelius Overaa, leiar for behandlingstilbodet Blå Kors har i Stavanger. Bømlo-nytt fekk møta dei tre på rorbua til foreldra til Leinebø på Sæverudsøy i forkant av kveldssamlinga i kulturhuset.

– Korleis har det vore å møta mange hundre ungdomar på Bømlo tidlegare i dag? spør eg Karl-Bertil Nordland.

– Eg synest at det har vore veldig fint i dag, det var to ulike grupper. Den første ein yrkesskule med mest gutar i publikum, frå den andre vidaregåande skulen var det mest jenter i salen. Begge samlingane gjorde stort inntrykk. Gutane overraska med god respons og gode spørsmål, og den andre samlinga blei sterk på grunn av at mange av jentene i salen hadde psykologi som valfag, fortel Nordland, som no 41 år gammal er rusfri og studerer Idrettsmedisin ved Norges Idrettshøyskole, eit studium han er ferdig med i mai.

Ei livsendrande reise etter filmen

«Kunstneren og tyven» handlar om då Nordland er narkoman i Oslo. Han stel to måleri frå kunstnaren Barbora Kysilkova. Då ho møter han i retten, blir ho nysgjerrig og inviterer han til galleriet slik at han kan sitja modell. Det blir byrjinga på eit venskap mellom dei to, og filmen som tok tre og eit halvt år med opptak, viser byrjinga på ei reise over i ein annan fase i livet for rusmisbrukaren.

– Filmopptaka slutta for to og eit halvt år sidan. Den reisa som Karl-Bertil har gjort på desse åra, er imponerande, seier Anders Leinebø, fagleg leiar for Steg for steg-programmet.

- Starten på turneen vår er her på Vestlandet. Neste veke er det pause, så skal me reisa til byar som Trondheim, Bergen og Fredrikstad. Interessa for å få oss på vitjing er stor. Me må prioritera hardt med tanke på kor me skal reisa med bodskapen me vil ha ut til det norske folk.

– Kva er det?

– Grunntemaet er å bli sett som det mennesket du er, same kven du er. Det er me opptekne av og det er dei ungdomane som me har møtt tidlegare i dag også opptekne av. Filmen viser mennesket Bertil bak tjuven som me først møter i filmen, seier han.

– Dama mi er psykolog. Ho seier til meg at eg seier meir til 200 personar kvar kveld enn det ho får ut av ein pasient på fire år. Desse samlingane me har med masse folk kostar meg, det er sårt, nært og personleg, men det gir meg også mykje. Det er i mykje terapi i det for meg. Eg er god nok slik eg er, seier Nordland som sidan han vart nykter har lært seg å elska seg sjølv og sin eigenverdi som menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjente at han hadde null verdi

– Tidlegare kjente eg på at eg var null verdt. Stygg og ubetydeleg. Slik tenkjer eg ikkje lenger. Eg er nykter, eg har fått faste rammer, eg utdannar meg og eg har fått eit liv med ei dame der eg no er stefar for hennar tre barn. Det blir sett krav til meg, og det er slik eg vil ha det. Eg vil vera til nytte i samfunnet nett som alle andre vil, seier han.

Lege Olav Kornelius Ovaa som leiar Blå Kors sitt behandlingstilbod i Stavanger, er glad for å ha fått den tidlegare rusmisbrukaren som kollega.

– Eg er kjempetakksam. Han er ein stor ressurs for dette med trening og fysisk aktivitet, som er ein viktig del av behandlingstilbodet vårt, rosa Ovaa.

Legen vart også imponert i møtet med bømlaungdomane tidlegare på dagen. Ungdomane snakka om det å visa kjensler, og kor vanskeleg det er i den alderen.

– Det blei det verkeleg fokus på. Og det er spennande. Responsen deira viste kor viktig dette er. Rus, kriminalitet og psykiske lidingar ser eg gjennom min jobb. Ungdomen i dag tok tak i og eigarskap til temaet, og var genuint opptatt å visa kjensler. Me karane snakka saman om dette etterpå og fann ut at du er ikkje ein mann før du har grine og vist kjensler, seier han.

– Eit sentralt spørsmål i det heile er kva som skjedde etter filmen. Korleis gjekk det med Bertil og Barbora? Det er to og eit halvt år sidan filmen var ferdig. Den reisa Bertil har gjort etterpå, er minst like interessant og dramatisk. Det er då det byrja, då filmen slutta. Du seier sjølv i filmen, Bertil, at det er no jobben byrjar, seier Leinebø og held fram:

– Kva kan me gjera for ei reell inkludering for denne gruppa i samfunnet? Kva krev me av den einskilde, som må gjera val på val på val kvar einaste dag som fører til at han no tel år utan rus. Kva er det som gjer at det går bra no? Kanskje er det summen av alle feil som tidlegare er gjort, at ein no har fått den indre motivasjonen, funderer Leinebø.

SPØRSMÅL OG SVAR: Karl-Bertil Nordland (t.v.) og Olav Kornelius Ovaa og Anders Leinebø frå Blå kors snakka med publikum etter visinga av filmen «Tyven og kunstneren» var over. Foto: Nils-Tore Sele

Eit eige val, fullt og heilt

Då dei tre møtte publikum etter kveldsvisinga av «Kunstneren og tyven» i kulturhuset, fekk dei mange spørsmål, ikkje minst Karl-Bertil Nordland. Han vart mellom anna spurt om det var hjelpetilbod i fengsel som hadde ført han inn på vegen mot eit nytt liv under si siste fengselsstraff.

– Eg har til saman site inne i ni år av livet mitt. Eg sat inne 14 månader sist gong. Ein får ikkje hjelp, men eg fekk avstand til rusen og trente meg opp. Fengselet hjelpte på det viset at eg var innelåst og fekk ikkje rusa meg, for det er ein myte at det er mykje rus i fengsel. Då fekk eg ein god start. Men det var mitt val. Og det er mitt val, kvar einaste dag. Eg gjorde valet, og sidan har eg bakka det opp kvar dag. No er eg total avholdsmann. Russuget, det er borte. Eg veit at eg blir aldri frisk. Eg må gå på møte i eit anonymt fellesskap ein gong per veke eller fjortande dag for resten av livet mitt. Då kan eg leggja alt slikt frå meg der. Der kan eg gje noko til andre, og få noko frå andre når eg går derfrå etterpå. Det er utruleg mykje terapi å sitja her no, saman med dykk. Eg eig historia mi. Eg er god nok, eg har ikkje noko å skamma meg over lenger. Eg har det bra, sa han til publikum.

Les også
Norsk friluftsliv oppmodar til turfellesskap på verdsdagen for psykisk helse