Fekk melding om brann i køyretøy i tunnelen
Fredag kveld klokka 19:07 fekk politiet melding om brann i eit køyretøy inne i Bømlafjordtunnelen.
Tunnelen vart stengt, men då politiet kom til staden viste det seg ikkje å vera brann.
– Naudetatar på staden. Ingen brann, men køyretøy i havarilomme, skriv politiet sørvest på Twitter klokka 19: 26.
Tunnelen er open, med det vil vera redusert hastigheit opplyser politiet vidare.
Berre røyk
Ifølgje vegtrafikksentralen, var det røykutvikling i køyretøyet.
– Det blei ikkje fyr med opne flammar, berre røykutvikling. Røyken er ventilert ut av tunnelen, skriv vegtrafikksentralen på Twitter kring halv åtte.
Havaristen ventar på bilberging.
– Hastigheita er redusert i ein sone av tunnelen inntil bilen er fjerna, skriv vegtrafikksentralen vidare.
#Stord #Bømlafjordtunnelen Kl. 1907 fikk politiet melding om brann i kjøretøy i tunnelen. Tunnelen ble stengt. Nødetater på stedet. Ingen brann, men kjøretøy i havarilomme. Tunnelen er åpen med redusert hastighet.
— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) December 11, 2020