BØMLO SINE BØSSER: På blimed.no kan du følgja innsamlinga i dag. Foto: Blimed.no

Finn di digitale bøsse

WWF sin innsamlingsaksjon er i gang, og på nettsida til aksjonen kan du finna bøssa di slik at det viser kor mykje din heimstad bidreg.

Årets digitale tv-aksjon er alt i gan i dag, søndag 18. oktober og målet er å få inn pengar slik at arbeidet med å fjerna plast frå havet kan bli betre.

Som me alle etterkvart veit, så er plast både skadeleg for alt som lever i havet, som trur at det er mat.

Samstundes veit me at plast i havet er svært skadeleg for oss menneske, fordi med tida vert all plast brote ned til mikroplast og dermed går det inn i næringskjeda og hamnar på mennesket sin tallerken til slutt.

Fellesdugnaden i år er i regi av WWF som er ein internasjonal organisasjon.

Les også
Fekk over 190.000 kroner frå næringslivet til TV-aksjonen
Les også
Gilje skule sender 94 båtar til Nordpolen