Aukar talet på avgangar: Kystbussen aukar talet på avgangar ytterlegare frå 1. juli. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Fleire avgangar med Kystbussen

Kystbussen aukar rutetilbodet med over 70 prosent frå 1. juli

Det går fram av ei pressemelding frå Tide. Kystbussen har gradvis auka opp talet på daglege avgangar etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen.

— Dette er eit direkte resultat av den auka etterspurnaden, og vil gje passasjerar eit betre tilbod og fleire valmogelegheiter i høve til reisetidspunkt, seier produkt- og konseptsjef i Tide, Svein Helge Hauge.

Frå 1. juli vil Kystbussen køyre 197 avgangar i veka, tilsvarande ei auke på 83 avgangar. Det vil vera eit stort steg i retning full produksjon, heiter det. Tide melder at endringa 1. juli føra med seg nokre justeringar av rutetidene. På dei såkalla «Strake vegen»-avgangane blir stopp på Nesttun, Leirvik og Aksdal lagt inn. Elles blir det også sett opp ekspressruter mellom Haugesund og Bergen torsdag og fredag, og det blir fleire avgangar frå Karmøy.

— Me er svært glade for å kunne auke tilbodet til reisande langs kysten, og me held fram med å følgje utviklinga og etterspurnadmønsteret nøye framover, slik at me kan tilpasse tilbodet fortløpande i takt med utviklinga, seier Hauge. Det vil framleis vera avgrensa tal plassar på bussane for å sikre naudsynt avstand, og passasjerar blir oppmoda om å kjøpe billettar på førehand, eller med Vipps ved ombordstiging. Dei som har kjøpt billett på førehand vil ha førsteretten om det er fullt om bord.