MEIR TRAFIKK: Det blir fleire avgangar til og frå flyplassen på Karmøy når Europa opnar grensene. Foto: Haugesund lufthavn Karmøy/Pressefoto

Fleire flyavgangar frå Haugesund

Frå neste veke aukar flytrafikken frå Haugesund lufthavn Karmøy.

Det melder flyplassen i ei pressemelding.

Oslo, Polen og Spania

– Etter at Noreg vart stengt ned 12. mars år, har aktiviteten ved flyplassen vore redusert til eit minimum, både med omsyn til opningstider og tal avgangar. Frå og med måndag 29. juni vil flytrafikken auka monaleg i takt med at resten av Europa no gradvis opnar sine grenser, heiter det.

Frå denne veka blir det sett opp fleire avgangar til Oslo med SAS, til Gdansk og Krakow i Polen med Wizzair, og til Spania (Alicante og Malaga) med Ryanair.

– Me oppmodar publikum om å komme til flyplassen i god tid før avgang slik at me i størst mogeleg grad unngår kødanning i innsjekk og tryggleikskontroll, skriv flyplassen, som legg til at belegget på Oslo-avgangane har auka dei siste vekene.

Les også
Ingen flyavgangar til Gardermoen frå Stord før i august