Danish Air Transport (DAT) vurderer om det er mogeleg å tilby charterpakker til turistar frå Sunnhordland.
Danish Air Transport (DAT) vurderer om det er mogeleg å tilby charterpakker til turistar frå Sunnhordland. Foto: Arkiv/Håvard Hammarstrøm

Fleire reiser frå Sørstokken

Fleire flyavgangar bidrog til betydeleg vokster i passasjertalet på flyruta Stord lufthamn Sørstokken-Oslo lufthavn Gardermoen.

Det går fram av tal som blir presenterte på nettsidene til Stord lufthamn Sørstokken. Totalt reiste 37.184 passasjerar til eller frå flyplassen på Stord i fjor. Av desse reiste 37.106 passasjerar til eller frå Oslo lufthavn Gardermoen. Passasjerauken på Oslo-ruta var på 11.651 passasjerar, eller 45,8 prosent.

Den totale trafikken over flyplassen på Stord auka ikkje like mykje. Totalt reiste det 2.051 fleire passasjerar via flyplassen samanlikna med i 2017. Auken var på 5,8 prosent. Elles melder flyplassenpå nettsidene sine at Danish Air Transport kansellerer nokre flyavgangar mellom Sørstokken og Gardermoen i januar og februar.