Lufthamna på Sørstokken er plaga av fuglar og ber om fellingsløyve. Foto: Håvard Hammarstrøm

Flyplassen søker om å få skyta fuglar

Stord Lufthamn er så plaga av fuglar, særleg rugde, at dei søker om fellingsløyve.

Det er Sunnhordland som skriv om saka.

– Me er spesielt plaga av rugde og ønskjer fellingsløyve for denne arten, skriv Lufthamna på Sørstokken i søknad til Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, opplyser avisa Sunnhordland.

Fugletrekk-utfordringar

Tida me no er inne i, er særleg ille.

– Det er særleg i samband med fugletrekk på haustparten at rugda er til fare for lokal luftfart. Dette trass i at mannskap på flyplassen har prøvt å skremma fuglane med sirene, med vasskanon, med knallskot og hyppig patruljering av rullebanen med bil. Rugdene ser ikkje ut til å vera av det lettskremde slaget, dei flyttar seg difor minimalt når det er luftfartøy eller køyretøy i nærleiken, står det ifølgje Sunnhordland i brevet.

Lufthamna forklarer vidare at dei i år har halde vegetasjonen rundt rullebanen meir nede enn det som har vore vanleg, for å sjå om slikt tiltak kan ha effekt for å halda fuglane vekke.

– Me tenkjer sjølvsagt tryggleik og det er difor me ber om dette løyvet, skriv lufthamna.