Ingen fleire smitta: Karen Rinnan og Synnøve Sørvik (t.v) ved teststasjonen på gamle Bremnes ungdomsskule. Foto: Kjersti Follesø/Bømlo kommune

Førebels har det ikkje vore fleire positive testar

Fredag i førre veke kom det fram at ein person som har vore på Bømlo, har testa positivt for korona. Fleire personar vart testa fredag, men ingen av desse hadde positivt prøvesvar.

Det er difor framleis berre fem personar som er registrert smitta på Bømlo.

– Det er no kome svar på dei testane som blei tekne på fredag, og det er ingen som har testa positivt på Covid-19 til no. Det blir tekne nye prøver i dag, og me opplever at me har god kontroll på situasjonen, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Bømlo fekk sitt første registrerte tilfelle 18. mars. Det femte smittetilfelle vart registrert 14. mai.

Vestland

I Vestland fylke er det registrert 893 tilfelle av Covid-19 totalt. Dei siste fjorten dagane er det registrert seks nye tilfelle (I Bergen 3, Sunnfjord 1, Stryn 1, Gloppen 1).