Uteksaminert lærling: Amalie Haukås er den første lærlingen som blir uteksaminert frå Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM). Foto: Janne Hillersøy/SIM

Første lærling uteksaminert frå SIM

Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) melder at torsdag i førre veke var ein merkedag for selskapet. Då vart Amalie Haukås den første lærlingen som er uteksaminert ved verksemda, då ho vart gjenvinningsoperatør med fagbrev.

Rett nok har SIM to tilsette med fagbrev i gjenvinningsfaget, men Kjell Bolme og Jostein Johannessen har teke fagbrev som praksiskandidatar og ikkje som lærlingar. Dermed er altså Haukås den første i SIM som har teke fagrevet som lærling i SIM.

– Torsdag 6. februar var ein merkedag for SIM, og ikkje minst for Amalie Haukås, skriv SIM i pressemeldinga som vart sendt ut.

Les også
På utdanningsmesse for å finna vegen vidare

Rett ut i jobb

– Eg var skikkeleg nervøs, og skalv, men desto meir letta då eg klarte det, seier ei nøgd Haukås ifølgje pressemeldinga frå SIM. Haukås har sikra seg jobb i Stena Recycling AS, og ho gir i pressemeldinga uttrykk for å gle seg til å ta fatt på nye oppgåver i ein bransje ho stortrivst i.

– Bransjen inneheld så mykje meir enn det eg trudde på førehand. Det er ikkje berre «avfall». Eg valde dette faget av di det verka spennande, og som noko annleis enn det andre gjorde. Og eg har absolutt ikkje blitt skuffa. Dette trivest eg med, seier Haukås.

Ho oppfordrar andre ungdommar som lurer på om gjenvinningsfaget er noko for dei, til å søkja.

Les også
Sunnhordlendingane kasta 400 tonn plast

Bransje i vokster

Plan- innkjøp og kommunikasjonsansvarleg Janne Hillersøy i SIM seier verksemda absolutt ser nytten av å ha hatt lærling i to og eit halvt år.

– Det er viktig at me klarer å rekruttera til bransjen. Ein bransje som absolutt er i vokster, seier ho.

Stena Recycling, som Haukås no skal byrje i jobb for, er del av det svenske Stena Metall-konsernet. Verksemda utfører gjenvinning ved nær 200 anlegg i Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Polen.