Tømte høgdebassenget: Bømlo vatn og avløpsselskap har no tømt høgdebassenget og reingjer det med klor. Mannskap frå BVA var på plass fredag føremiddag, og det vil bli jobba her heile helga. Foto: Håvard Hammarstrøm

Framleis kokevarsel etter E.coli-funn på Foldrøy

Onsdag vart det påvist E.coli i vassforsyninga frå høgdebassenget på Foldrøy. I ettertid er det teke to uavhengige prøver for å få stadfesta om det var E.coli i vatnet eller om det var falsk alarm. – Den siste prøven var ikkje rein, og kokevarselet held fram, seier Audun Halleraker i BVA.

Litt over klokka 1530 onsdag sende Bømlo vatn og avløpsselskap (BVA) ut kokevarsel til alle innbyggjarar i området Ekornsæter-Mækjebakken-Foldrøy-Siggjarvåg. Bakgrunnen var altså at det var funne E.coli-bakteriar i vatnet frå høgdebassenget på Foldrøy. BVA opplyste at alt vatn til drikke og matlaging må kokast til nærmare beskjed blir gitt.

Les også
Kokevarsel til innbyggjarane på Foldrøy

To nye prøvar

Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA sa til Bømlo-nytt onsdag at bakteriefunnet vart gjort i samband med vassprøvene som BVA kvar veke sender til analyse ved eit laboratorium i Bergen. I ettertid har BVA sendt inn to nye uavhengige prøver til analyse. Dersom begge desse prøvene var reine, ville funnet tidlegare denne veka ha blitt rekna som falsk alarm, og drikkevatnet friskmeld. I motsett fall måtte BVA setja i verk ytterlegare tiltak medan kokevarselet held fram.

Negativt prøvesvar

Svaret på den første prøven var positiv, og synte reint vatn. Det gjorde derimot ikkje den andre.

– Den andre prøven var ikkje rein, og kokevarselet held difor fram inntil vidare. Me har tappa ned heile høgdebassenget, og gjennomfører reingjering og kloring. Me har hatt folk på jobb der både i går og i dag, og me vil jobbe med dette igjennom helga, seier Halleraker til Bømlo-nytt.

Når reingjeringa og kloringa er ferdig vil høgdebassenget bli fylt opp med vatn på nytt. Det skjer truleg på sundag. Så skal det måndag takast to nye prøvar som skal sendast inn til analyse, som normalt tek 18 timar. Dersom begge desse prøvene er reine vil kokevarselet kunne avsluttast. Halleraker reknar med at det vil kunne skje tidlegast tysdag i neste veke.

Må koke vatnet inntil vidare

Uansett gjeld kokevarselet for dette området fram til innbyggjarane får nærmare beskjed frå BVA om at varselet er oppheva. Inntil vidare må ein altså koke vatn til drikke, mat og helst også til tannpussen. Alt anna, som å dusje og vaske klede, kan ein gjera som normalt.

– Bakteriefunnet er gjort berre i høgdebassenget og ikkje i leidningsnettet, så det tydar i alle fall på at det ikkje har nådd ut til så mange.

– Har de nokon teori om korleis bakteriane har komme inn i høgdebassenget?

– Me jobbar med å finne ut av det. Det er eigentleg ufatteleg at det skal gå an. Me har nokre teoriar, men det er for tidleg å seie noko om dette no, svarer han. Halleraker oppmodar samstundes publikum om å halde seg oppdatert på nettsidene til BVA om siste status.

Har venta på telefonen: Dagleg leiar Audun Halleraker i Bømlo vatn- og avløpsselskap har venta på tilbakemelding på dei to vassprøvane som vart tekne etter E.coli-funnet tidlegare denne veka. Svaret på den andre prøven var negativt. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv