annonse

Gråvêr og regn i vente

Regnbyger
Regnbyger: Det blir bygevêr denne veka, men kor mykje nedbør det blir på våre kantar er ikkje Yr og Storm heilt samde om. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

Vêrmeldinga tyder på bygevêr denne veka. Yr har derimot tru på at det kan bli ei fin helg, medan Storm melder regn også då.

Håvard Hammarstrøm

Som me ser ved å kikke ut glaset er det grått og bygevêr i dag, og vêrmeldingane tyder på at det kjem til å bli mykje godt slik heile veka. Yr melder rett nok at det kan bli lettare vêr først på dagen onsdag, men at det skal skye til mot kvelden igjen. Storm melder byger heile dagen onsdag, men at det kan bli gløtt av sol.

Til gjenjeld melder Yr regn heile dagen torsdag, medan Storm melder stort sett overskya og minimalt med nedbør. Kva så med helga? Yr meiner det skal klarne opp i løpet av fredagen og bli ei fin helg med lettskya pent, medan Storm meiner det skal regne. Storm melder faktisk at det kan bli ganske mykje nedbør laurdag og sundag. Men langtidsvarsel er som kjent av det usikre slaget. Det er venta temperaturar på mellom 8 og 14 grader.

Me kan iallefall rekne med at det blir ei veke med skiftande vêr. Når det gjeld vinden kan det bli opp i 12 meter pr. sekund i Espevær i dag, måndag. Det er venta at vinden skal minke til maks ni meter pr. sekund i morgon. Elles bør ein følgje med på vêrmeldingane dag for dag. Langtidsvarselet varierer når det gjeld spådom om vind.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.