Hærverk på skilt: I løpet av helga er det gjort skadeverk på turskilt i Svortlandsmarka. Foto: Bømlo Turlag

Hærverk på turskilt i Svortlandsmarka

Bømlo Turlag melder sundag om hærverk på fleire turskilt i Svortlandsmarka.

Turlaget la ut bilete på Facebook av tre ramponerte skilt sundag ettermiddag.

– Veldig trist å registrera når folk går laus på «døde ting». I over 5 år har våre skilt stort sett fått stå i fred, og alle turgåarar har hatt glede av informasjons- og merkeskilta våre, både i Svortlandsmarka og andre stader. Me trur dette hærverket er gjort på fredag, men det kan vere gjort tidlegare. I tillegg til at skadane dreier seg om fleire tusen kroner, så kjem jo arbeid og opprydjing. Me oppmodar sterkt vedkommande som har gjort dette til å melda seg sjølv, slik av me kan få ordna opp i dette på ein fornuftig måte, skriv leiar i turlaget, Nils Magne Helle, på Facebook-sida til turlaget. Han håper på tips frå publikum.

– Me er nok heilt sikre på at personen (ane) som har gjort dette ikkje har vore åleine, så me oppmodar sterkt at dei som har sett noko av dette til rapportera dette til oss eller til dine nærmaste. Håpar me kan høyra ifrå Dåke, skriv Helle.

Hærverk på skilt: I løpet av helga er det gjort skadeverk på turskilt i Svortlandsmarkjo. Foto: Bømlo Turlag
Les også
Nokon har spraya over bokstavane
Hærverk på skilt: I løpet av helga er det gjort skadeverk på turskilt i Svortlandsmarkjo. Foto: Bømlo Turlag