Tarjei Bondevik har budd kring ti år på Bømlo og gjekk i si tid på Våge skule, Bremnes ungdomsskule, og Bømlo vidaregåande skule.
Tarjei Bondevik har budd kring ti år på Bømlo og gjekk i si tid på Våge skule, Bremnes ungdomsskule, og Bømlo vidaregåande skule. Foto: Deepinsight.no

Har forska i tre år på lagring av energi i hydrogengass

Tarjei Bondevik har teke doktorgrad i energiforståing på atomnivå.

Den 11. oktober disputerte Bondevik og fekk sin PhD ved Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet, Universitetet i Oslo. Bak seg har han omfattande forsking på eit svært aktuelt tema: Korleis kan me lagra energi frå sol og vind utan at for mykje energi går tapt undervegs?

– Dersom samfunnet skal bruka berre fornybar energi frå sol og vind, vil me berre ha straum når det bles eller sola skin, seier Bondevik. Men me treng straum både om natta når sola ikkje skin, og når det er vindstille. Bondevik minner om at det er få land, som Noreg og Sveits, som er så heldige å ha vasskraft å ta av i sin natur. Det vil seia at når ein ikkje har sol eller vind, så må ein bruka til dømes kol eller gass, som fører til utslepp av Co2.

– For å redusera utslepp av CO2, er målet difor å kunna lagra fornybar energi på ein effektiv måte, seier han.

Konverterer energi

– Dersom me lagrar straum frå til dømes vindmøller på batteri, må me ha veldig mange batteri. Så mange at produksjonen av batteri blir eit miljøproblem i seg sjølv, forklarar han. Det forskarteamet han had delteke i ved Fysisk institutt har arbeidd med, er å gjera elektrisk energi om til hydrogengass. Då vert straum konvertert til kjemisk energi.

– Du byrjar med vatn, tilfører energi og lagar hydrogengass. Den kan du ha på ein tank så lenge du vil, og bruka når du vil, forklarar Bondevik. Når du treng energien og skal forbrenna hydrogengass, så vil du berre sleppa ut rein vassdamp.

– Dette er veldig bra, og hydrogengass er dessutan veldig lett å oppbevara, på ein tank med høgt trykk, seier han. Ulempa er at ein taper for mykje energi på vegen. Ein taper opp mot 50–80 prosent.

– Og det vil seia at ein sløser jo vekk energien. Det blir det same som å ha varmeomnen på og vindauget ope samstundes, seier han. Målet med doktorgradsavhandlinga var difor å forstå kvifor denne energien går tapt.

På atomnivå

Energitapet skjer på atomnivå, og for å koma nærmare ei løysing har Bondevik brukt ulike teknikkar, både eksperiment og teoretiske tilnærmingar. Ved hjelp av eit elektronmikroskop kan ein sjå atoma og korleis dei organiserer seg i eit materiale. Det keramiske materialet BaZrO3 er lovande når det gjeld å omdanna vatn til hydrogengass. Det har stort sett god evne til å leia straum, men nokre stader vert denne leidningsevna svekkja.

– Det kjem av den ugunstige måten atoma organiserer seg på, seier Bondevik. Å arbeida med dette er vanskeleg fordi det er så smått. Simuleringar er difor ein måte å finna svar på, og ved hjelp av superdatamaskinar kan ein rekna ut organiseringa til atom. Mykje arbeid har vore gjort ved utrekning av modellar.

Konklusjon

– Me har funne at teori brukt til å forklara dette energitapet ikkje stemmer, dersom ein byggjer opp modellar frå nanoskalaen til den makroskopiske verda, heiter det i avhandlinga til Bondevik. Den sluttar med at i forsøk med å lansera modifiserte teoriar har dei oppnådd små forbetringar. Altså er ein på rett veg, men det er òg eit monaleg arbeid som må gjerast i framtida for å gje ei grunnleggjande forståing av kvifor energi går tapt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jobbar med statistikk

Tarjei Bondevik er busett i Oslo og arbeider som dataforskar i Deepinsight. Det er eit selskap starta i 2017 av Olav Willumsen Haugå. Ved hjelp av matematikk og datavitskap jobbar dei for å skapa forbetringar i folk sine liv ved at dei ønskjer å lukka gapet mellom akademia og industri. Utfordringa for mange organisasjonar er at dei ikkje er i stand til å bruka dei mest sofistikerte teknikkane fordi dei manglar datavitskapleg ekspertise.

– Så eg gjer noko anna no, men det er likevel likt fordi me prøver å rekna ut korleis ting ser ut. Bruk av statistikk og modellar kan ein òg bruka til å løysa andre problem i næringslivet, seier Tarjei Bondevik.

ingvild@bomlo-nytt.no