Kommunelege Kjersti Follesø, vernepleiar Selma Karin Vestvik, demenskoordinator og sjukepleiar Anna Iren Stavland og sjukepleiar Laila Hollund Rogne ser fram til Helseteam for eldre i Bømlo sitt første møte med bømlingane. Dei ønskjer å bidra til betre helse for den enkelte og trur prosjektet også kan gje ein peikepinn på kva helsetilbod eldre bømlingar ønskjer og har behov for.
Kommunelege Kjersti Follesø, vernepleiar Selma Karin Vestvik, demenskoordinator og sjukepleiar Anna Iren Stavland og sjukepleiar Laila Hollund Rogne ser fram til Helseteam for eldre i Bømlo sitt første møte med bømlingane. Dei ønskjer å bidra til betre helse for den enkelte og trur prosjektet også kan gje ein peikepinn på kva helsetilbod eldre bømlingar ønskjer og har behov for.

Helse i kvart besøk

Bømlo inviterer no alle på 77 år til å ta del i eit forskingsprosjekt der heimetenesta kjem på besøk for å fremje trivsel og motverke sjukdom. Eldrerådet i Bømlo har vore ein viktig pådrivar bak prosjektet.

Gjennom prosjektet Helseteam for eldre i Bømlo ønskjer kommunen både å styrkja helsetilbodet og bidra til betre helse blant deltakarane.

- Dette er eit førebyggjande og helsebringande prosjekt der dei som ønskjer det vil få besøk av heimetenesta for å sjå kva ein sjølv kan gjera for å halde på helsa, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.

- På denne måten kan me komme inn i bildet tidlegare og kanskje bidra til å unngå funksjonsforfall og skader, og me trur det vil føra til at fleire får bu heime lenger enn dei elles hadde kunna gjort, noko me veit mange ønskjer, seier Follesø vidare.

Frivillig

- Me kan òg komme med råd og vink om kosthald, og me kan sjå om det er ting i heimen som kan vera ein risiko for den enkelte og føreslå hjelpetiltak, supplerer sjukepleiar Laila Hollund Rogne.

Prosjektgruppa seier dei ser fram til møtet med bømlingane, og håpar at mange melder seg på når dei om kort tid får invitasjonen i postkassa.

- Enkelte blir kanskje litt skeptiske når dei får eit brev som dette av kommunen, men det er opp til den enkelte om dei vil ta del i heile eller deler av prosjektet, eller ikkje vil vera med i det heile, seier Selma Karin Vestvik, vernepleiar i Helseteamet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna ønskjer Helseteamet å gjennomføra nokre enkle undersøkingar som å måle blodtrykk, sjekke høgde og vekt, gjennomføra ein balansetest og ein «klokketest» for å sjå etter hukommelsesvikt.

Sikre god livskvalitet

Prosjektgruppa seier dei i første rekkje vil ha fokus på ernæring, styrke og balanse, hukommelse og bruk av medisin.

- Me veit mange på 77 år i dag føler seg både spreke og friske. Men til dømes er det enklare å få eit beinbrot om ein fell i denne alderen, noko betre styrke og balanse kan førebyggje, seier kommuneoverlegen.

- Helsesituasjonen varierer jo frå person til person, men om me kan bidra til at brukarane får leve det livet dei ønskjer og gjev dei god livskvalitet så lenge som mogeleg, er me kommen langt, seier ho.

Hindra passivitet

- I dag set me ofte i verk tiltak først etter at skaden har skjedd. Det er viktig, men enno betre er det om me kan komme inn tidlegare og hindre at desse skadane i det heile oppstår, seier Follesø.

Prosjektgruppa seier det er fort gjort å komme inn i ein vond sirkel som det kan vera vanskeleg å komma seg ut av.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ikkje uvanleg at ein blir litt meir passiv, til dømes etter eit fall. Det kan igjen føra til at ein mister styrke og balanseevne, noko som gjer ein meir utsett for nye fall og skadar, seier Follesø.

Rogne seier dei som må bruke mykje medisinar i kvardagen også kan få hjelp av Helseteamet for eldre.

- Me samarbeider då med sjukehuset og fastlegen for å sjå om me kan gjera endringar i medisinbruken som kan hjelpa på livssituasjonen, seier ho.

Den gode samtalen

Prosjektleiinga tar òg sikte på å betre det kommunale helsetilbodet på sikt, og trur samtalar med og tilbakemeldingar frå deltakarane i forskingsprosjektet kan vera viktige i så måte.

Mellom anna vil ein drøfte korleis den enkelte opplever å bli gammal i Bømlo, og korleis han eller ho opplever si eiga livssituasjon.

- Samtidig veit me at det er mange som sit med spørsmål om kva tilbod som finst om dei ein dag ikkje lenger kan klare seg sjølv. Då kan det vera greitt å få besøk av helsearbeidarar som kan informera om dette, seier kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me vil og snakke om korleis dei ser føre seg eit godt liv, og kva tilbod dei eventuelt saknar innan helsetenesta. Etter at prosjektet er fullført vil me evaluera alle tilbakemeldingane og sjå korleis me kan gje bømlingane eit enno betre helsetilbod enn i dag, seier prosjektleiinga optimistisk.