Gode råd: Litt hjelp på vegen fram mot ei betre mental helse. Illustrasjonsfoto Foto: Skjermdump

Helserådet: ABC «Hodebra»!

Tenk at det å gjera noko aktivt, gjera noko saman og å gjera noko meiningsfylt gjer ein forskjell for både fysisk og psykisk helse!

I Nord Trøndelag har ein følgd med på folk si fysiske og psykiske helse gjennom mange ti-år gjennom HUNT-undersøkinga.

Og resultata har vekt oppsikt langt ut over landegrensene. For ein har vist at ved å delta i kulturaktivitetar får folk betre helse, betre livskvalitet, mindre depresjon og mindre angst!

Med Folkehelsealliansen i front, har ein derfor vidareutvikla det internasjonale konseptet ABC med Act (gjer noko aktivt) , Belong (gjer noko saman) og Commit (gjer noko meiningsfullt) til ABC «Hodebra».

Aktiv!

Å gjera noko aktivt gjer at ein føler seg gladare – med lengre dagar er det kanskje lettare å få tatt seg ein kveldstur, teste ut Maurtua sine ruslemakingsturar med ungane, eller kanskje kan du prøve ut eit organisert trimtilbod – Det er fleire enn me trur i Bømlo!

Saman!

Å delta på ein aktivitet og vera i lag gir ei kjensle av å høyre til. Etter ei lang periode med nedstengingar og restriksjonar kan me endeleg for fullt delta – Vit at du er velkommen og kanskje er det nettopp no du kan starte på den aktiviteten du har tenkt så lenge på eller kanskje kan du ta ein skravlekopp neste gang du er på kafé?

Meiningsfullt for deg og for andre!

I frivilligheita sitt år er det ekstra kjekt å veta at det å jobba for ei god sak gir noko å vera stolt over – For å gjera noko meiningsfullt er «hodebra»! Kjenn etter kva du brenn for – I desse dagar er det vanskeleg å ikkje la tankane gå til alle dei som har måtte reist frå hus og heim i Ukraina. Mange har gitt tilbod om husvære og mange vil kunne gjera ein stor forskjell i tida som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kanskje er det noko eit lag eller ein organisasjon jobbar med du brenn for? Eller eit prosjekt i nærmiljøet ditt? Eller kanskje kan du ta ein telefon eller gå på besøk til nokon du ikkje har sett på ei stund?

Uansett er det kjekt å tenkja på at når du er aktiv, når du er saman med nokon eller når du gjer noko meiningsfullt så har du bidrege til din eigen fysiske og psykiske helse – du har gjort noko som er «hodebra»!

Les også
Ruslemaking i Maurtua Barnehage
Les også
Skravlekoppar skal få dei gode, medmenneskelege møta i stand over heile øya