Bømlabrua var stengt: Politiet var på staden og Bømlabrua var ei tid stengt og delvis stengt. Arkiv/Illustrasjonsfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Vegen open igjen etter hengarvelt på Bømlabrua

Bømlabrua er i open igjen etter at ein hengar velta på brua tidlegare i dag.

Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Hengaren var festa til ein liten varebil då denne velta på brua.

– Det er ingen fare for at køyretøyet skal hamne utanfor autovernet. Ingen last har falle ut, og tilsynelatande ingen personskade. Politiet er på veg til staden, og vegen er sperra, opplyste politiet i 1230-tida. Politiet melde like før klokka 13 at bilbergar var på staden, og at eitt køyrefelt var ope for trafikk. Like før klokka 14 var vegen rydda, og brua var igjen open for normal ferdsle.

– Det blir meld om 21 meter pr. sekund vind på staden, opplyste politiet like før klokka 14.