annonse

Hybrid framdrift frå Wärtsilä

«Acta Centaurus»
«Acta Centaurus» : Skipet som vil få hybridsystem frå Wärtsilä om bord i løpet av fjerde kvartal i år. (Foto: Acta Marine)

* Havvind: DP2-konstruksjonsskipet «Acta Centaurus» eigd av nederlandske Acata Marine vil få montert nytt hybridsystem frå Wärtsilä om bord, melder Wärtsilä i ei pressemelding.

Håvard Hammarstrøm

Leveransen inneheld hybrid-, batteri- og energisystem. Skipet blir nytta som støttefartøy for havvind, står det å lesa. Utslepp og drivstofforbruk vil gå ned når arbeidet er fullført i løpet av året. Kontrakten gir arbeid til Wärtsilä på Stord, men vil ikkje gje arbeid til Wärtsilä på Bømlo, får Bømlo-nytt opplyst.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.