Papen kom heim til jul, utan at det vart andre bollar. Det vart heldigvis berre dei gode ferske bollane, som ikkje gjorde vondt, men som lukta ekstra godt etter fleire timar ute i akebakken. Rattkjelkeføret på vegen heldt seg i vekesvis, før den første gledesdreparen strødde i favorittbrekka vår. Me skjøna ikkje korleis det gjekk an å vere så hjarterå og omsynslaus.

Under juletreet låg store, harde pakkar, og angen av pinnekjøt la seg over oss, medan me gløtta på fjernsynet og oppdaga kor høgt og fint sølvgutane borte i Oslo gapte når dei song.

Første juledag skulle me helst vere inne og leike oss med presangane, men på andre dag var det ut att i akebakken og treffe kompisane.

Men, dei fleste julehelger har vore ei ørkenvandring når det gjeld snø. Bakkane var bare, og det var lite å ta seg til ute.

Så, korleis vert vêret denne julehelga? Kort fortalt vert julafta bar, og rundt frysepunktet. På første og andre dag vert det mildare og regn.

Vêret kan du sjå her.

Snø er viktig. Men kor viktig? Dette kan nok diskuterast. Den viktigaste faktoren for at jula skal bli god, er du og eg.

Ein godt gøymd pakke, med mykje teip på, er ikkje til glede for nokon. La oss vere gode gåver for kvarandre, då vert jula god, enten det er snø eller ikkje.

God jul til alle frå vêrmeldaren!