Håvard A. Hammarstrøm

Siv-M Risøy Natterøy har sendt oss dette flotte biletet frå Sekk.

Stormen Berit og etterdønningane etter Berit herja kysten av Vestlandet i helga. I følgje nettsidene til Stord lufthamn Sørstokken vart det der registrert full storm med orkan i kasta på sundag. Klokka 14:48 vart det registrert vindkast på heile 71 knop. Orkan byrjer på 63 knop. Vinden skapte store problem for all havgåande trafikk langs kysten. Dei fleste snøggbåtavgongar langs kysten av Vestlandet vart innstilte. Det same vart fleire ferjeavgongar. På sambandet Langevåg-Buavåg var ferja innstilt heile ettermiddagen sundag. Har du gode bilete som syner uvêret på Bømlo? Send dei til oss på avis@bomlo-nytt.no. Bileta bør helst ha ein storleik på over 1MB.