Meldinga kom i går, og fredagen har til no vore endå varmare enn gårsdagen her på Bømlo. Det er dei høge temperaturane som gjer dette og på X skriv @meteorologene at når det er varmt og tort vêr tørkar det fort opp på bakken.

Ver spesielt forsiktig med open eld der det ligg tørt gras eller lauv frå i fjor, står det i meldinga. Det er meldt nokså varmt også i morgon, så den gule varseltrekanten viser på vêrkartet til og med søndag denne veka.

I Norge er det generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. Det inneber at det er forbod mot å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark.