Etter pangstarten på sommaren førre veke, opplevest nok denne veka litt meir grå og trist for dei fleste av oss.

Men fortvil ikkje, sjølv om ikkje det er heilt sommartemperaturar denne helga, så varslar meldingane om at det byggjer seg opp til strålande sommarvêr 17. mai-veka.

Ein kan merke det allereie denne fredagen. Skylaget har letta, og dråpane etter gårsdagens regnskyll byrjar å tørke opp.

Laurdagen startar grå, men sola vik kikke fram i løpet av dagen, og på kvelden vil det skine endå meir opp. Temperaturen kan komme opp i 14 grader og det vil vere rolege vindforhold.

Søndagen vil bli endå betre. Då er sola med oss frå morgonen av og utover heile dagen. Det vil vere litt skyer, så ein må nok smøre seg med litt tålmod om ein er klar for å finne fram solsenga på terrassen. Denne dagen kan temperaturen komme opp i 15 grader og vinden vil komme som lett bris frå sør.

Her kan du sjå korleis vêrmeldinga der du er på Bømlo: