Den tidlegare Stord-ordføraren sit i energi- og miljøkomitéen på Stortinget. Med seg til Future Innovation Day på Rutle hadde ho den rykande ferske innstillinga om Klimameldinga frå komitéen.

2026 er siste frist

Eskeland sa mellom anna at målet er å ta vare på verdsarven som fjordane er.

– Den maritime industrien speler ei stor rolle i å nå desse måla, mellom anna at norske fjordar skal vera fossilfrie innan 2026, sa Eskeland. Statssekretær Atle Hamar (V) la til at regulering av trafikk og utslepp i fjordane er naudsynt. Eit viktig første steg er å redusere farta i dei indre delane av fjordane til åtte knop.

– Skal ein nå desse måla trengst det nye kraftstasjonar og nye ladestasjonar, kommenterte Matt Duke i Grieg Star. Her svarte Eskeland at det blir ei satsing på elektrifisering av hamnene langs kysten.

Banebrytande «Folgefonn»

Elles på konferansen vart det synt film av autodokking med ferja «Folgefonn» same dag, ferja som legg seg til kai av seg sjølv. Frå før går ferja på batteri og har trådlaus induksjonslading. Begge deler vekkjer merksemd internasjonalt.

Ferja legg til kai automatisk. Dette er første gong ei ferje legg til kai med autodokking. Foto: Wärtsilä
Ferja legg til kai av seg sjølv Foto: Wärtsilä
Kapteinen skrur på audodokking på "Folgefonn". Foto: Wärtsilä
Administrerande direktør Hans-Petter Nesse i Wärtsilä Norway (til venstre) og Executive Vice President i Wärtsilä, Roger Holm, er stolte av «Folgefonn»-prosjektet Foto: Håvard Hammarstrøm
Wärtsilä har sidan sommaren 2016 kjøpt opp Transas, Eniram og Guidence Marine som utviklar moderne, digitale navigasjonssystem, analyse,- logistikk- og trafikkstyringssystem.

– Dette er eit perfekt døme på det gode arbeidet her i Sunnhordland, der me er først i verda på autodokking og induksjonslading. Me har nytta global kompetanse og support, men mykje av drivkrafta er her lokalt. Det er ein enorm sjanse me har her, seier President Marine Solutions og Executive Vice President i Wärtsilä, Roger Holm, til Bømlo-nytt.

– Me er heldige som har innovative kundar som Eidesvik, North Sea og Nordled, som har vore med på å utvikle ny teknologi saman med oss, og som vågar å tenkje nytt. Me føler oss privilegerte, seier direktør i Wärtsilä Norway, Hans-Petter Nesse.

Satsar på vidareutvikling

– Er det konkrete nye prosjekt på gang som kan få konsekvensar lokalt på Bømlo og Stord?

– Nei det er det ikkje, men me kjem til å halde fram på den vegen me har starta på, svarer Holm. Som vidareutvikling av autodokking, induksjonslading, batteridrift og smarte hamner.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no