| Nils-Tore Sele

Bremnes IL

5.divisjon, avd. 3

• Fjorårsplassering: Nedrykk frå 4.divisjon, avd.1

• Toppskårar: Guttorm Kallevåg, åtte mål

• Målsetnad for 2018: Bli betre og proffare, gjerne opprykk

Bremnes har starta bra i 5.divisjon. Trenar Geirmund Brendesæter får gjerne meir å klappa for denne sesongen. Foto: Nils-Tore Sele

• Serieopninga: Har vunne sine første to kampar

– Me har lagt om treningane. No har me to tidlege treningar per veke for alle seniorspelarane, seier trenar Geirmund Brendesæter.

No byrjar treningane kvart over fire på ettermiddagen. Starten er alltid eit lett måltid, for å få opp både blodsukker og garderobestemning.

– Forsesongen var bra både gjennom kampar og trening. Me har blitt godt kjende med kvarandre. Fleire av spelarane har vist fin utvikling, seier Brendesæter, som etter fjorårssesongen overtok herre a-laget saman med Lars-Petter Steinsbø Lie.

– For heile Bømlo

Treningsperioden i vinter medførte få skadar i spelarstallen, som før sesongstart fekk mange tilskot. Nye spelarar er desse: Arthur Vold Vestvik, midtstoppar som kom frå Djerv 1919, Mathias Toft, målvakt frå Vard, Sigurd Bråthen har gjort comeback, Ole Kallevåg er med via internt opprykk frå juniorane, det same er Benjamin Brekke Munkvold, Markus Habbestad, Kato Aasheim og Nils Henrik Rogne. I tillegg er også Pavlius Kiselevskis frå FK Taurus ny i stallen.

Brendesæter og Steinsbø Lie har som målsetnad at treningskulturen i BIL skal betrast frå 17-årsalderen og oppover.

– Me vil skapa eit fotballag for heile Bømlo for dei av spelarane som har ønskje og ambisjon om å lukkast i å spela for ein profesjonell klubb. Det skal bli eit smartare val å gå gjennom spel for ein lokal klubb enn å spela ungdoms- og reservelagsfotball i ein annan klubb, seier Brendesæter.

Gjennomdyrka rollene

Han vil ha ei utvikling der laget endar opp med ei så god organisering at det er arbeidet og innsatsen som vert lagt ned som er det definerande, ikkje det å spela på instinkt eller vera avhengig av å ha ein god eller dårleg dag som avgjerande for om ein vinn eller tapar.

– Om ein skal lukkast i å komma vidare, er dette noko med det viktigaste ein lærer seg, å jobba innan rolla ein får på eit lag, og gjera arbeidsoppgåvene saman og samstundes, poengterer trenaren.

Tilbod for dei treningsvillige

Brendesæter fortel vidare at Magnar Aaland er blitt trenar for juniorane til BIL. Dei av juniorane som er med i A-stallen skal delta på juniortreningane og kampar. For dei ivrigaste blir det dermed fire treningar for veka og 1,5 kamp i snitt per veke.

Brendesæter håpar på at det kjem i stand eit samarbeid med dei to vidaregåande skulane på Bømlo, slik at juniorane får trent nokre fotballøkter om morgonen i skuletida.

– Skal BIL stabilisera seg som eit godt femtedivisjonslag, eller vil de opp i 4.divisjon så fort som mogleg?

– Me ønskjer å rykka opp til 4.divisjon, men ikkje før me er klare for å hevda oss i den divisjonen, fortel Brendesæter.

nils.tore@bomlo-nytt.no