– Det er eit negativt avvik mellom budsjett og drift på heile 54,9 millionar kroner ved utløpet av oktober. Tiltak vart tidleg sett i verk i dei ulike verksemdene. Dette forhindrar likevel ikkje at det negative avviket veks. Dei store «drivarane» er framleis barnehage, barnevern, integrering, habilitering og legetenesta. I tillegg vil straumkostnadene og kostnadene knytt til NAV auke i årets siste månader, understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter overfor kommunestyret.

– Store delar av beløpet (ca. 28 millionar kroner) er knytt til pandemihandteringa. Ny saldering av statsbudsjettet er gjort, og det er skissert at kompensasjonen skal delast i ein del knytt til innbyggjartal og ein del knytt til kommunen sine faktiske kostnader. Statsforvaltaren i Vestland har bedt oss dokumentere kostnadene til pandemien.

Det vart sendt ein oversikt på krav på 26,4 millionar kroner for dette same dag som kommunestyret, uttalte han.

– Me veit framleis ikkje om me i praksis får full dekning for kostnadene me har hatt til handtering av pandemien, eller om det blir ein forholdsmessig kompensasjon av utgiftene, sa Gjøsæter.