Med at Helle AS på Bømlo kjøper opp Elecon AS på Stord, blir to tradisjonsrike verksemder slegne saman. Nyskapninga representerer til saman 110 års erfaring, og blir ein totalleverandør innan tekniske fag. Alle tilsette i dei to bedriftene blir med vidare, medrekna dei fem lærlingane dei har. Det nye selskapet ser for seg vekst i talet på tilsette i tida som kjem.

Store eigarskapsendringar

I samband med at bømlarøyrleggjarbedrifta kjøper opp stordselskapet, får det også nye medeigarar.

– Det er tradisjonsrike bedrifter med lang erfaring som no vil bli totalleverandør av tekniske fag for heile Sunnhordland, seier Christer V. Notland.

Han tek over som dagleg leiar for selskapa, og kjøper 45 prosent av aksjane frå Arne Helle i Helle AS.

– Saman vil me gi eit betre tilbod til kundane våre, seier Arne Helle.

Han blir i bedrifta framleis, saman med sonen Anders, og vil halda på 45 prosent av aksjane.

Den tredje eigaren i selskapet er John Magne B. Langåker. Han kjøper 10 prosent av aksjane, og får ansvaret for å byggja opp ei eiga avdeling for ventilasjon.

Jarle Neset, Halvor Øvrevik og LOS Elektro sel seg ut av Elecon, men Neset og Øvrevik blir med vidare.

Stordriftsfordeler

Både Langåker og Notland har lang erfaring frå prosjektmarknaden, og ser store fordelar ved at ein no kan tilby å levera løysingar for alle dei tekniske faga samla.

– Både Helle AS og Elecon har god og lang erfaring frå servicemarknaden og mindre prosjekt. Når me no blir totalteknisk leverandør, vil me òg kunne tilby gode løysingar for større prosjekt innanfor elektro, ventilasjon og røyr, seier John Magne B. Langåker.

Samlar 40 tilsette

Den tradisjonsrike røyrleggarbedrifta på Svortland blei starta for over 50 år sidan, og har i dag 18 tilsette og ein omsetnad på kring 25 millionar kroner.

Selskapet i Kunnskapshuset på Leirvik har 22 tilsette og ein omsetnad på kring 20 millionar.

– Me vil halda fram med det me er gode på, men ser at det er vil vera bra for selskapa å kunne satsa på det tverrfaglege, seier Jarle Neset.

– Me ser for oss at me vil ha trong for å utvida arbeidsstokken. Me er på jakt etter dyktige fagfolk innanfor alle fag, fortel Christer V. Notland.