Kort oppsummert

  • Bømlo kommune sin teljepraksis i LNF-spreidd vart endå ein gong diskutert på møtet i Kontrollutvalet.

  • Bømlo kommune tel frådelingar som byggjeløyve, noko som skil kommunen frå nabokommunane Stord, Fitjar og Sveio.

  • Kontrollutvalet vil ha eit overslag frå Deloitte på kva det vil koste å utarbeide eit notat med juridiske vurderingar av teljepraksisen. Dette vil utvalet ta stilling til på neste møte i mai.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

I Kontrollutvalsmøtet, torsdag var kommunen sin teljepraksis i LNF-spreidd atter ein gong oppe til handsaming. Saka har vore utsett fleire gonger i utvalet, no sist var det mellom anna grunngjeve med at ikkje alle sakspapira låg ved, og at det råda noko uvisse i utvalet om kva ein skulle gjere med saka , og at den også difor vart utsett til dette møtet.

Ulike oppfatningar

Denne gongen vart det også diskusjon kring vedtaksordlyden frå sist møte.

Utvalsmedlem Bente Spissøy (Uavh.) hadde forstått det slik at ho hadde fått i oppdrag av eit samla utval å forhøyre seg med både Statsforvaltar og med nabokommunar kring teljepraksis i LNF-spreidd. Utvalsleiar Ragnhild Ravna Skjærvik (Ap) og seniorrådgjevar, Helge Inge Johansen (Vlfk), hevda at det ikkje var semje i gruppa kring dette, og at dette difor ikkje var med i vedtaket. Utvalet valde likevel å ta med informasjonen Spissøy hadde innhenta som ei saksopplysing innhenta på uformelt vis.

Vag Statsforvaltar

Spissøy kunne fortelje at Statsforvaltaren ikkje hadde noko klart svar å gje, det var rom for tolking.

– Statsforvaltaren vil nok ikkje gje eit klarare svar, for slik å unngå å verte part i ei sak, meinte Arne Zahl Røksund (SV).

Kva ein tel og ikkje tel

Spissøy fortalde vidare at nabokommunane Stord, Fitjar og Sveio tel byggjeløyva eller ferdigstillingane. Det er berre Bømlo som tel frådelingar som byggjeløyve.

Det vart påpeika at slike frådelingar kan liggje uverksame i lang tid, og kan såleis blokkere for andre som vil byggje i området, om taket på bustader i området er nådd.

Gammal praksis

– Kvifor er det slik praksis i Bømlo kommune? lurte Spissøy på.

– Dette er nok noko som har vore praksis frå gammalt av, at dei gjorde ei frådeling, slik at ein son eller ei dotter kunne få setje seg opp eit hus på garden seinare. Denne praksisen er sjølvsagt noko ein kan endre i den nye arealplanen, sa ordførar Morten Helland som også var til stades på kontrollutvalsmøtet, saman med kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

FORKLARTE: Både ordførar Morten Helland og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter var til stades på møtet i Kontrollutvalet, torsdag. Her forklarer Morten Helland kva som kan vere ei viktig årsak til at ein tel frådelingar som byggjeløyve i kommunen. Foto: Per Harald Gjerde
MÅ FINNE SVAR: Arne Zahl Røksund (SV) var ein av fleire utvalsmedlemmer som meinte ein måtte finne svar på om kommunen har telt feil eller ikkje. Foto: Per Harald Gjerde

Vil vurdere vurderinga på neste møte

– Det står jo ingenting om frådelingar i gjeldande kommuneplan, påpeika Røksund.

– I punkt 7.1.1. står det at «i planperioden kan det byggjast det tal bueiningar plankartet opnar for». Det står ikkje frådelast, understreka Spissøy.

Fleire av utvalsmedlemmene meinte at utvalet bør finne ut om Bømlo kommune sin teljepraksis er rett eller feil.

– Men kven kan me spørje når ikkje Statsforvaltaren vil komme med eit klart svar? spurde Røksund.

Utvalsleiaren spurte Johansen, som såg bort på representanten frå revisoren, Deloitte, Espen Ringkjøb Stokke.

– Me kan utarbeide eit notat med ei juridisk vurdering på det, sa Stokke.

– Kva kostar dette? lurte utvalsleiaren på.

– Det kan eg ikkje svare på no, men om me får ei klar og tydeleg bestilling så kan me kome attende til det.

Utvalet gjekk difor inn for å la Deloitte kome med eit overslag på kva det vil koste å utarbeide eit notat med juridiske vurderingar på kommunen sin teljepraksis. Dette kostnadsoverslaget og eventuelle oppdraget vil så kontrollutvalet vurdere på neste møte i mai.