* Det kom ein bil med hengjar fylt av bossekkar og gamle oransje garnblåser. Lossa det av på kaien og sette fyr. Det var tipset som kom inn til redaksjonen nyleg. Tipset gjekk også ut på at det var i ferd med å samla seg opp til nytt bål. Då Bømlo-nytt var ute på moloen i Øklandsvågen såg me ved sjølvsyn at her hadde gått føre seg noko som ikkje burde. Det stod også nokre gamle bilbatteri der.

* Tid om anna får me tips om slike private bossplassar. Anten det no er langs gamle vegar, utanfor allfarveg til skogs eller som denne gongen, på ein kaikant i Øklandsvågen. For berre to tiår sidan ville me nok ikkje reagert like sterkt på dette som me gjer no. Men med det fokuset som er på plast og havforureining no, er dette heilt forkasteleg. Boss skal leverast inn på miljøsentralenanten der er bilbatteri eller gamle garnblåser, det skal ikkje kastast og/eller brennast ute i naturen.

* Line Elvsåshagen, ho med det rosa håret som leiar NRK-programmet Planet plast, viser gjennom programmet sitt tydeleg kor gale forureiningsproblemet har vorte. Og kor gale det vil gå dersom me ikkje alle tek ansvar. I fjor opna ein ny flott miljøsentral i Hollundsdalen, der dei tek i mot allslags Boss. Dei sorterer og passar på at ingenting går i feil konteinar, hjelper oss til rette. Rett nok kostar det nokre kroner å levera bosset hos dei.

* Men sett i den store samanhengen bør me ta oss råd til dei kronene, me bør faktisk prioritera å få levert bosset vårt dersom det er snakk om å velja. For me har ikkje mykje val dersom barna og barnebarna våre skal få leva like sutlaust som oss.