Bømlo kan beskrivast som ein fredeleg oase i ei uroleg og kaotisk verd. Ja visst er det konfliktar og utfordringar også her, men om me samanliknar oss med andre deler av verda, har me det forholdsvis trygt og forutsigbart.

Men slik har det ikkje alltid vore, og kanskje spesielt me i desse maidagane skal ta oss tid til å reflektere over korleis det var på Bømlo då Europa sto i brann og fredelege Bømlo hadde ei sentral rolle i flyktningetrafikken over Nordsjøen.

Her kan du lese den dramatiske historia om fire unge menn som ved hjelp av modige motstandsmenn på Bømlo søkte skjul i fleire veker i ei hole på ei lita øy utanfor Øklandsvågen i mai, 1943.

Det heile starta inne på Sunde, der Lingeagenten Christian Tønseth blir teken av Gestapo. Han skal saman med to gestapistar gå opp til garden Grønstøl der han blei teken.

Her har han gøymt ein pistol i løemuren, og denne får han tak i. Med denne skyt han gestapistane og gøymer seg i utmarka. Han tek seg etter eit par dagar ned til sjøen og kjem seg til Færøysund der han kjem i kontakt med Johannes Sandvik.

Dei tek seg etter nokre dagar til Bergen der dei får kontakt med broren til Christian, Ivar, og to kameratar, Jostein Nesheim og Torgrim Hanaas. Johannes Sandvik skyssar så dei fire til Samnungsøy, der han kjenner til denne hola. Han har vore med og henta våpenlaster der før.

I boka «Martin minnest dei som var med» (Martin Stavland), kan ein lesa at då Johannes Sandvik hadde frakta flykningane til Bømlo tok han kontakt med Laurits Klubben som lovde å hjelpa til vidare.

Laurits kontakta doktor Hus og saman vart dei enige om å stela båten til soknepresten, som då var arrestert av tyskarane. Den 25 fots store motorbåten «Kari» var beslaglagt av tyskarane og låg i Mælandsvågen.

Dette var ei svært farleg tid av krigen, for tyskarane var no klar over at det føregjekk mykje illegalt arbeid her i distriktet og var begynt å arrestere folk både på Bremnes og ellers i Sunnhordland.

På minneplata som kom på plass i 1995 på Samnungsøy står det at folk frå distriktet var med å hjelpte til, og her var Bertin Katla ein særs viktig mann. Det var han som ilag med Laurits Klubben var i Mælandsvågen og stal «Presta-Kari».

Og det var også han som visste om gøymestader der flykningane kunne haldast skjult. Det var også Katla som sørga for mat og ellers det desse mennene trong så lenge dei var i skjul.

Under avdukinga av minneplata kunne rømlingane fortelja at på 17. mai kom det ei skøyte inn på vågen nedforbi hola og heiste det norske flagget, men dei våga ikkje å ta kontakt avdi dei var redd for at det var ei felle.

Det vert også påstått at lokale folk frå Nese som spadde torv i nærleiken kjende tobakkslukt. Under krigen var dei svoltefora på tobakk, men lingeagenten Christian hadde ekte tobakk med seg frå England. Etter tre veker i skjul i hola på Samnungsøy sette dei fire flyktningane 27.mai kursen over Nordsjøen med båten til presten «Kari», og sjølv om dei fekk motorstopp underveis så kom dei vel fram til Skottland etter 62 timar.

Det høyrer og med til historia at Johannes Sandvik blei arrestert då han kom heim att til Færøysund og sat i konsentrasjonsleir resten av krigen.

Det vart sett opp ei minneplate i fjellvegen ved inngangen til hola i 1995. Avdukinga skjedde på Kristihimmelferdsdag.

På minneplata står det: «Flyktningehola på Samnungsøy»

I denne hola gøymde Laurits Klubben i mai 1943 desse flykningane: Christian Tønseth Ivar Tønseth Torgrim Hannaas Jostein Nesheim Med båten til sokneprest Peter Roberstad M/B Kari, og med god hjelp frå gode nordmenn frå distriktet kom desse motstandsmennene seg vel over til fridomen i Skottland. Reist av vener 1995»

Tre av dei som dei som gøymde seg i hola under dei dramatiske vekene i mai i 1943 var til stades under avdukinga, saman med Johannes Sandvik og Laurits Klubben.

Det var Arne Horneland frå Stord som tok initiativ til minneplata og fekk reist ho.

(Laurits Andreas Klubben og Bertin Kristian Katla var begge født i 1897. Bertin døydde i 1985 og Laurits døydde i 1996).

Kjelder: Toralv Martin Brekke, Audun Økland og Simon Nesse Økland (for Meling Speidargruppe).