I 2009 var Erna Solberg på bedriftsbesøk på Bømlo. Her er ho fotgrafert saman med dåverande ordførar, partikollega Inge Reidar Kallevåg (t.v.) og adm.dir. på Wärtsila, Sveinung Hansen. Arkivfoto: Håvard Hammarstrøm

Det er Knut Arild Hareide som ynskjer Erna Solberg velkommen tiil Arhaugen i Rubbestadneset, saman med mamma Tordis.

– Det vil bli den offisielle valkampstarten hennar, den vil altså bli i Rubbestadneset, fortel Knut Arild Hareide til lokalavisa. Erna Solberg skal eta lunsj hos familien i samband med valkampopninga.

– Næringslivet i kommunen vil bli sett i fokus under besøket, og då spesielt fisk og oppdrett. Difor har me invitert Olav Svendsen frå Bremnes Seashore til å eta lunsj saman med oss på søndag. Mamma jobba i mange år på fiskerirettleiarkontoret og kan mykje om denne bransjen. Difor var det naturleg at dette vart tema akkurat i denne settinga, seier Knut Arild Hareide.

Solberg vil også snakka samferdsle under besøket på Bømlo som vil bli hovudstoppet hennar i denne omgangen.

Erna Solberg starta den innleiande valkampturneen på Gladmatfestivalen i Stavanger laurdag den 27. juli.  Før ho reiser til Bergen vil ha ha eit halvtimes stopp på ferjekaien i Sandvikvåg i ettermiddag der ho vil snakka med ferjetrafikantane.