Det var klokka 16:43 at 110 Sør-Vest melde om ulukka og det var mannskap frå Bremnes og Moster stasjon som rykka ut.

Klokka 16:52 melde Politiet i Sør-Vest at det ikkje skal ha vore stor fart og at føraren av mopeden skal ha brukt verneutstyr. Dei meldte og om at mopedisten vart lettare skadd og vart henta av ambulanse og tatt med for helsesjekk.