Stein-Erik Ovesen

Stein-Erik Ovesen

Operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fortel at klokka 0120 natt til laurdag kom politiet over ei stor fartsovertredning. Ein politipatrulje var på veg til oppdrag i Rubbestadneset då politifolka såg seg nøydde til å gripa inn overfor ein atten år gamal lokal bilførar. Den unge karen vart målt til ein fart på 115 km/t i 80 km/t-sona på fylkesveg 542 i nærleiken av Foldrøy.

– Mannen vedtok eit forenkla førelegg på 7.800 kroner og to prikkar i førarkortet. Dette seier operasjonsleiar Vikse. Han legg til at den unge bilføraren var veldig nærme til å mista førarkortet sitt. Hadde han køyrd i 116 km/t i 80 km/t-sona, hadde førarkortet róke på staden.