| Nils-Tore Sele

Motorsportklubbane på Stord og Bømlo arrangerer ein vintercup for medlemene i vinterhalvåret, men gjev og sjansen til medlemer i andre klubber om å vera med.

Denne helga er det tid for fjerde runde i denne vintercupen, og den går føre seg på motorsportanlegget på Våge, laurdag 7. april.

Siste og avgjerande runde i vintercupen, vert køyrd på Stord 5.mai.

Runden i vintercupen denne helga verkar dessutan som opplading til 1.runde i Vestlandsmeisterskapen i motocross. Den vert køyrd her på Bømlo om fjorten dagar, laurdag og sundag 21.-22.april.

nils.tore@bomlo-nytt.no